Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Alderdomen er ein villskog med både lys og mørke.

Hageselskapet

Eit år hadde me ein utvekslingselev frå Thailand til familiemedlem. Det var ei kulturell oppdagingsferd både for henne og oss, stort sett til felles glede, men med ein og annan snublestein. Då eg prøvde å dela eitt av dei kjæraste barndomsminna mine med henne, om då farmor tok meg med til fødselsdagen til si eiga faster, reagerte ho med den brå latteren som ho alltid tydde til når ho blei konfrontert med noko som ho tykte var heilt absurd. For ei bestemor kunne vel ikkje reisa nokon stad, enn seia ta med seg barnebarnet! Det var som om huset vårt plutseleg skulle gje seg på vandring med oss om bord.