Frå eg var ti år, fekk eg ikkje andre sokkar enn dei eg strikka sjølv,» sa Sverre. Det var i 1972, han var om lag femti og hadde ikkje snakka om dette sidan han blei vaksen. På grunn av det stadig innskrumpande perspektivet i etterkrigstida, då kjønnsrollene tok kvelartak på folk og faren for å falla utanfor auka år for år, måtte han passa seg så han ikkje avslørte det som var verdifull kompetanse då han voks opp.
Strikking med fem pinnar skjer i tre dimensjonar.