Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Som i ein draum samla eg taumane og galopperte vekk.

På ein raud hest

Den banebrytande boka til David Graeber og David Wengrow, «The Dawn of Everything» («Begynnelsen til alt»), gav meg ei vedunderleg oppleving av å vera midt i verda og i harmoni med historia. For desse to vitskapsmennene, den eine antropolog og den andre arkeolog, har funne ut at i eldre steinalder, altså mesteparten av dei mange titals tusen år som det har funnest menneske på jorda, var me omflakkande individualistar med store, lause nettverk. Det tettpakka slektskollektivet kom mykje seinare, og tradisjonar som liksom skal ha eksistert sidan opphavstida, er som regel ganske nye.