Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kva blir dommen over mediene etter Depp vs. Heard-rettssaka?

«Total global audmjuking»

MISTRUDD OG AUDMJUKA: Amber Heard får dommen, som hevda at ho ærekrenka Johnny Depp. FOTO: EVELYN HOCKSTEIN, AP/NTB Evelyn Hockstein

NRKs «Dagsrevyen 21» gjekk over tida onsdag for å senda direkte frå domsavgjerda i rettsoppgjeret mellom Johnny Depp og Amber Heard. Heller ikkje «Dagsrevyen» kunne la vera å dekka den virale kjendissaka live. Blant publikum i rettssalen kunne vi sjå eit mindreårig barn som truleg måtte leiast ut på do, medan alle venta på juryen. Jau, Depp vs. Heard har vore ei mediehappening «ingen» har kunna gått glipp av, jamvel om nokre av oss har kjent oss i same gisselsituasjon som det tissetrengte barnet, trass i at forholdet mellom interessesuget frå publikum og det massive medietrykket er litt som forholdet mellom høna og egget. Lenge før dommen var ferdiglest, hadde eg fått eit titals push-varsel på mobiltelefonen frå amerikanske, britiske og norske media om Depps «siger».