Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ein ting er å ri på reinsdyr, noko anna å ofra seg for nedfrosne menn.

Snødronninga

«Snedronningen» av H.C. Andersen var den første litterære opplevinga eg hadde aldeles på eiga hand. Det skjedde ein vintersøndag med det same snødrysset utanfor vindauget som på omslagsbiletet på den boka eg nettopp hadde plukka ut or hylla. Eg sat på golvet med ryggen mot enden av divanen, der far min, den fabelaktige eventyrforteljaren, meir naturkraft enn forelder, sov middag med hovudet tett mot mitt.

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.