Norsk Pen vil ta Edward Snowdens utleveringssak til høgsterett.
Lagmannsretten avviste onsdag Edward Snowdens søksmål mot staten ved Justis- og beredskapsdepartementet. Den amerikanske varslaren ønskjer ei rettsleg stadfesting av at Noreg ikkje kan utlevera han til USA, om han kjem til Oslo for å ta imot Ossietzkyprisen 18. november.