Nils Henrik Smith har delt denne artikkelen med deg.

Nils har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Kjartan Fløgstad blir 80 år 7. juni

Skrift­ar­bei­daren

foto: Anniken C. Mohr

Forfattaren Kjartan Fløgstad, forteljaren, essayisten og rimsmeden Kjartan Fløgstad. Ordkunstnaren Kjartan Fløgstad, buskiselskar, ordspelsgeni og blødmegenerator. Spelemann, jazzmusikar og rappar. Dansar. Showmann.

Vestlendingen Kjartan Fløgstad, latinamerikanaren, finnmarkingen og nydølen; globetrotter, levemann og hotell-liebhaber. Morgonbadar og festløve. Sjømann og smelteverksarbeidar.

Poeten Kjartan Fløgstad, modernisten, postmodernisten og mediethulingen, og krimforfattaren. Realist, fabulist og Rabelaist. Voggesongdiktar, sogeskrivar.

Polemikaren Kjartan Fløgstad, samfunnskritikaren, nynorskingen, det-er-ikkje-alltid-rett-å-seie-unnskyld Kjartan Fløgstad.

Fotballfilosofen Kjartan Fløgstad, nordmarkagut og langrennsløpar. Kameraten og følgevennen Kjartan, ektemake, far, bestefar, og hunde­eigar.

Kjartan Fløgstad har skrive langt meir enn eit halvt hundre bøker, og han har vore forfattar i langt meir enn eit halvt hundreår. Han er arbeidets skildrar – «Ho plantar hælane i støypen og står»; skiftarbeidar og skriftarbeidar. Og han er nynorsking, men ingen fanatikar. Det er Kjartan som bestemmer over språket, og ikkje omvendt.

Debattane han har starta og deltatt i, er tallause, samfunnsanalysane hardtslåande og augeopnande. Kjartan er ikkje ute etter kompromissa; han liker å ta på seg boksehanskane og føretrekkjer ein ærleg fight. Men òg alltid tenksam. Essaya hans om litteratur, estetikk og den låge kunsten er framleis skuledannande.

Allereie med «Dalen Portland» frå 1977, boka han fekk Nordisk råds litteraturpris for som 33-åring, skreiv han seg inn som ein av samtidas aller viktigaste forfattarar. Han har stadfesta dette gong på gong, ikkje minst med den heilt suverene rekka med romanar på 2000-talet, i ein alder da vanlege menneske tenker på pensjonisttilværet: «Grand Manila», «Grense Jakobselv», «Nordaustpassasjen» og fleire; historisk baserte forteljingar som lar oss sjå notida.

Sjølv set han truleg songlyrikken sin like høgt, og har ein sett Kjartan på scena med framifrå musikarar rundt seg, så har ein sett ein lukkeleg mann. Vi som har gleda av å arbeide med han, veit òg at han er ein vennesæl mann, ein skjemtsam kar som det er ei gåve å kjenne.

I dag fyller han 80 år. Gratulerer med dagen, Kjartan Fløgstad!

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!