Det norske Oljefondet er framleis investert i fleire selskap som mellom anna står på FN si liste over selskap som driv næringsaktivitet på Vestbredden som «reiser særlege menneskerettighetsbekymringer». Det viser Oljefondet sine oppdaterte tal for investeringar ved nyttår 2024.
Ifølge FNs database er Oljefondet investert i 19 selskap som enten er involvert i aktivitetar i okkupasjonsområda, eller selskap som er involvert som moderselskap.
Lista inkluderer totalt 97 selskap, som etter oppfordring frå FN, ikkje har levert tilstrekkelege bevis for det motsette.
Auka investeringar
Det første namnet på lista er Airbnb, som Oljefondet har investert 6 milliardar i.
Annonse
Ifølge FN er dei skuldige i «The provision of services and utilities supporting the maintenance and existence of settlements, including transport».
Oljefondets investeringar får også hard medfart i den siste rapporten frå Don’t Buy into Occupation (DBIO). Det er eit felles initiativ mellom 25 palestinske, regionale og Europeiske organisasjonar. Frå Norge er dei støtta av LO og Fagforbundet.
I rapporten sin frå desember listar DBIO opp 36 oljefondfinansierte selskap som tener dei israelske busettingane.
Totalt har oljefondet 155 milliardar kroner investert i desse selskapa. Samanlikna med tal frå 2022 er dei ei auke på 25 prosent.
Vil framme forslag
Når Stortinget i April skal ha den årlege handsaminga av oljefondsmeldinga, er det knytt eit større alvor til den enn før.
Den 7. mars gjekk utanriksdepartementet ut og fråråda norsk næringsliv mot å drive handel og næringsverksemd som bidreg til å oppretthalde dei folkerettsstridige busetningane.
Det fekk Utanrikspolitisk talsperson i Raudt, Bjørnar Moxnes, til å sende spørsmål om korleis Vedum ville følge det opp. Svaret er ikkje godt nok, meiner han.
Då Russland invaderte Ukraina, gav Finnansminister Trygve Slagsvold Vedum straks ordre om å selje oljefondet ut av alle russiske aksjar.
Vedum gav ingen signal om at han ville gjere det same igjen.
«Vi er ein sponsor av folkerettstridig okkupasjon.»
— Utanrikspolitisk talsperson i Raudt, Bjørnar Moxnes
– Det er ein slåande kontrast til den handlekrafta vi såg frå Vedum då Russland invaderte Ukraina og han beordra uttrekk av alle investeringar.
Annonse
– Vi meiner dette viser at reglane ikkje fungerer godt nok og at Stortinget må vedta nye reglar, seier Moxnes og viser til rapporten frå DBIO og Oljefondets auka investeringar.
Raudt har tidlegare lagt fram forslag om å trekke ut investeringar frå dei okkuperte områda. Utanrikspolitisk talsperson Bjørnar Moxnes seier han vil komme med nye forslag når oljefondsmeldinga skal opp til handsaming i April.
Viser til etikkrådet
I Vedum sitt svar til Moxnes viser han til det fagleg uavhengige etikkrådet til Noregs Bank Investment Management (NBIM) som vurderer om selskapa som oljefondet er investert i er i strid med dei etiske retningslinjene, som sist blei vurdert og behandla av Stortinget i 2021.
Dei meiner at eit selskap sitt nærvær i det okkuperte området ikkje er tilstrekkeleg for å tilrå at Oljefondet skal trekke seg ut. Ifølge dei krev det ei nær binding mellom eit selskap si verksemd og det underliggande normbrotet, som er okkupasjonen.
Ifølge etikkrådet er vurderingane skjønsmessige og kan bli påverka viss alvoret i normbrotet aukar. Tidlegare har dei trekt Oljefondet ut av 9 selskap på grunn av okkupasjonen, men sidan Gazakrigen braut ut i Oktober, har det ikkje skjedd nokon endringar.
Moxnes meiner at etikkrådet sine vurderingar ikkje er tilstrekkelege og seier at ansvaret ligg hos regjeringa.
– Det stolte openbert ikkje regjeringa på då Russland invaderte Ukraina. Då beordra Vedum oljefondet om å trekke seg ut av alle investeringar i Russland. Vi meiner det tilsvarande bør skje med Israel. I det minste må det skje med vår sponsing av okkupasjonen Det er ikkje sånn at dei har ein liten eigardel i ei verksemd på okkupert jord. Dette er ei liste frå FN med stramme kriterium, seier han og legg til:
– Det strider mot sjølvbildet Norge har som fredsnasjon når vi er ein sponsor av ein folkerettsstridig okkupasjon.