EssayOktoberÅret som gikk

Fossefeber

Nobelprisen samla Norge og Noreg.

Gullet kom heim: Mange ville dela æra då Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur. Foto: Jonas Ekströmer, TT/NTBGullet kom heim: Mange ville dela æra då Jon Fosse fekk Nobelprisen i litteratur. Foto: Jonas Ekströmer, TT/NTB

Ein gong, ja for berre eit drygt tiår sidan, kunne teaterkritikarar i hovudstadspressa småminka seg til kalla Jon Fosse ein «samlebåndsforfatter», som ikkje burde ha fått Ibsenprisen i 2010. Fosse var Europas mest spela samtidsdramatikar, men Aftenpostens dåverande kritikar kunne slå fast at «har du sett ham tre ganger, har du sett ham nok».

Dommen møtte motbør, men Ibsenpris-juryens svenske medlem Leif Zern nøyde seg med å tolka hånen som «provinsialisme». Svenskane sitt syn på Fosse har aldri vore farga av norske kulturtilstandar.

Nobelprisen har ingen ytra seg mot. Feiringa har vore febril etter at sekretæren i Svenska Akademien den 5. oktober opna dørene mot verdspressa og sa at årets vinnar av Nobelprisen i litteratur er Jon Fosse «för hans nyskapande dramatik och prosa som ger röst åt det osägbara». Mange gjorde raskt krav på ein aksje i Nobel-æra. Alt 11. oktober rykka Audun Lindholm ut i Klassekampen mot den «selvgratulatoriske» forlagsbransjen, som ifølgje Vagant-redaktøren har bygd ned den intellektuelle infrastrukturen Fosses forfattarskap vart utvikla i. Malurten la ingen dempar på skåltalane.

Frå utlandet lyste jamvel paven si velsigning over den norske forfattaren, og NRKs kulturkommentator Inger Merete Hobbelstad ymta om at Jon Fosse også kunne vera rett prisvinnar til å få Svenska Akademiens eige omdømme på rett kjøl att etter ein femårig bergingsaksjon. I 2018 var De Aderton nær ved å øydeleggja den litterære Nobelprisen og sjølv gå til grunne i blindt, aristokratisk høgmot. Høgferd er fjernt for årets prisvinnar. Det skulle Fosse prova mange gongar mellom oktoberdagen då Bergens Tidende pressa han til å gje nokre vinnarreaksjonar ytst på ein vestlandsk ferjekai og desemberdagen då han tok i mot gullmedaljen frå Carl XVI Gustav i Stockholms konserthus.

«Eg er frykteleg nervøs», sa Fosse før han reiste til Sverige. «Stakkars Fosse», sa folk. Ei replikkveksling som nesten kunne vore skriven av Nobelprisvinnaren sjølv. Det er absurd å «stakra» ein kunstnar som får den mest ettertrakta kunstheideren i verda. Samstundes kan mange lesarar kjenna seg att i at det følgjer nervar med å bli peika ut blant flokken. Den 7. desember opna Fosse si personlege og lågmælte Nobel-førelesing med ei skildring av redsla for høgtlesing i klasserommet. Vitnemålet skapte samkjensle med publikum utanfor dei gylne spegelsalane i Börshuset og vart eit frampeik mot det som på mange vis var høgdepunktet under Nobel-veka: møtet med skoleelevane i Rinkeby.

Dette var det eine arrangement forfattaren hadde sett fram til, og her smilte seksbarnsfaren lunt medan han lytta interessert til elevane. Dei unge hadde funne sitt frirom på biblioteket som så mange barn før dei. Lat oss vona at både norske og svenske politikarar følgde med på det godt pressedekte besøket i förorten. For litteratur kan også berga liv, som Nobelprisvinnaren snakka gripande om i førelesinga si.

Nobelprisen til ein nynorskforfattar var det som skulle til for å samla Norge og Noreg, og ingenstad fann ein att blygskapen til pristakaren. Det gjekk sport i å dela personlege Fosse-augneblikk i allmenta, ein hadde møtt han på Gardermoen, ein annan hadde «arva» kontorstolen hans i Gula Tidend og så vidare. Og regjeringa, kulturredaktørane, vestlendingane, målfolket – alle kunne dei ha stemt i fotballropet «Gullet skal hem/hjem/heim!» Ein kan forstå mykje om rangtilhøvet mellom kunst og idrett her til lands når Nobelprisen i litteratur vart feira i NRK med ei maratonopplesing av teaterstykka: «Fosse minutt for minutt». Vonleg skremde det ikkje alle frå å gå i teateret.

«Har du sett han tre gonger, har du sett han alt for lite», sa Cecilie Seiness, Fosses redaktør i Samlaget, til Klassekampen i 2010. Dei som har høyrt meir enn tre Fosse-tekstar på scenen, veit også at han nyttar det stilistiske spennet i nynorsk betre enn dei fleste: Omsette klassikarar og hans eigne, moderne drama får ulike kulturhistoriske klangrom. Kor viktig nynorsken er for Jon Fosse, har han sjølv sett ord på, men Jon Fosse er også viktig for nynorsken. Nobelprisen er likevel ikkje ein språkpris på det viset ein del målfolk vil ha det til.

Fosse fekk spesifikt prisen for å gje «röst åt det osägbara». «Lang pause, kort pause, eller berre pause» er dei mest brukte orda i teatermanuskripta, som han sjølv sa i Stockholm. Det er i pausane han gjev oss rom til å leita etter orda i oss sjølve. I vår taletrengde kultur er det alt sjeldnare at kunstnarar tør opna tankerommet i publikum. Vi burde heidra Jon Fosse med å visa oss tilliten verdig.

Viktige verk

  • Et velvillig og historisk interessert publikum vil nok være takknemlige for Nils Gaups «Sulis 1907», skrev Klassekampens kritiker. Men filmen innfridde ikke helt publikums ‘Netflix-krav’ til realistiske, historiske drama.
  • Ivo de Figueiredo lanserte første bind i sin Edvard Munch-biografi. «En høyst leseverdig livsfremstilling», konkluderte vår anmelder.
  • Norsk-palestinske Mohamed Jabalys film «Life is Beautiful» ble tatt ut tatt ut til hovedkonkurransen i IDFA, verdens største dokumentarfilm-festival. Der fikk den pris for beste regi og i januar får den norgespremiere under Tromsø internasjonale filmfestival.
  • Ketil Slagstad lanserte hiv-boka «Det ligger i blodet».

«Ordet jungel­telegrafen har jo vært en rød klut for de som er aller mest woke i verden.»

Programleder Arne Berg var ikke begeistret for at NRK-programmet hans «Jungeltelegrafen» byttet navn til «Musikkreisen».

Oktober 2023

  • Kulturminister Lubna Jaffery (Ap), den selverklært enkle jenta fra Flaktveit, hadde ikke gode nyheter til sin hjemby Bergens kunstmuseum da hun la fram sitt første statsbudsjettet: Kode fikk et kutt på 13 millioner kroner.
  • … samtidig økte hun Nasjonalmuseets bevilgning med 73 millioner kroner.
  • «Jeg er vanligvis ikke tilhenger av forfatteropprop. Det kan føles ubetydelig, men samtidig har jeg hatt veldig behov for å si noe om det som skjer nå», sa Zeshan Shakar til Klassekampen. Sammen med Maria Navarro Skaranger og Priya Bains tok han initiativ til et forfatteropprop for Gaza.
  • Camara Lundestad Joof ble utnevnt til kunstnerisk leder på Dramatikkens hus.
  • Munchmuseet utlyste stilling som innovasjonskatalysator og ble møtt med hånlatter.