EssaynovemberÅret som gikk

Opp som ein bjørn, ned som ein skinnfell

«Ingen elsker Bamsegutt» kan få langvarige følgjer for statskanalens truverd.

Heilomvendinga: 22. november held kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen pressekonferanse på Marienlyst der ho trekte dokumentaren «Ingen elsker Bamsegutt». Etikkredaktør Per Arne Kalbakk og distriktsdirektør Marius Lillelien, som hadde handtert saka til då, flankerer sjefen. Foto: Ole Berg-Rusten, NTBHeilomvendinga: 22. november held kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen pressekonferanse på Marienlyst der ho trekte dokumentaren «Ingen elsker Bamsegutt». Etikkredaktør Per Arne Kalbakk og distriktsdirektør Marius Lillelien, som hadde handtert saka til då, flankerer sjefen. Foto: Ole Berg-Rusten, NTB

Ein redaktørskandale i NRK vart årets norske mediesak. Bruduljen rundt Tore Strømøy-serien «Ingen elsker Bamsegutt» dominerte dagsorden ei veke midt i november. Men den klønete handteringa kan få langvarige følgjer for dei serien eksponerte på tv, for overgrepsoffer som opplevde at NRK heldt tilbake informasjon om rullebladet til hovudpersonen, og endeleg for statskanalens truverd og vilje til å driva viktig journalistikk om manglar ved velferdsstaten.

«En viktig lærdom til en annan gang», var den flegmatiske oppsummeringa til Per Arne Kalbakk, NRKs etikkredaktør, som sjølv hadde vore sterkt involvert i Bamsegutt-produksjonen.

Orda fall etter at kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen 22. november måtte rykka ut og trekka serien for godt, for å stoppa ei eskalerande tillitskrise. Kalbakks utsegn dempa ikkje kolerikarane i andre redaktørstyrte eller sosiale media. Ein månad seinare verkar det som ein god ide å gjera fiaskoen til eit seminartema for alle i Norsk redaktørforeining ut på nyåret.

For å rekapitulera: 17. november hadde NRK premiere på Tore Strømøys nye, hjarteskjerande aktivistdokumentar «Ingen elsker Bamsegutt». Den tungt lanserte serien portretterer ein 60-årig nordmann som saman med kone og barn held på å gå til grunne på Filippinene. Den ressurssvake familien får ikkje hjelp av norske styresmakter til å koma heim, samstundes som offentleg svikt i alt frå barnevern til NAV blir framstilt som årsaka til at mannen hamna i uføre på motsett side av kloten. Eit liv med sosial utstøyting og udekte hjelpebehov frå velferdsstaten kulminerer i den filippinske slummen.

«Ingen elsker Bamsegutt» følgjer opp Strømøys «Gåten Agnes» frå 2022. Også det var ei opprørande sak om grov uforstand i forvalting, politi og helsevesen, men òg ein dokumentar med presseetiske problem store nok til å hamna i Kringkastingsrådet. «Gåten Agnes» var likevel ein cold case og dei mest sentrale aktørane døde.

Slik var det ikkje i årets serie, og alt på premieredagen skreiv Aftenpostens Christina Pletten ein krass kritikk av journalistikken i Bamsegutt-serien. Hovudankepunktet var identifiseringa av barnet til hovudpersonen. Pletten peikte også på mishøvet mellom seriens påstand om at Bamsegutt ikkje har evna å forstå konsekvensane av informasjon han har fått frå Nav, og at NRK likevel meiner mannen kan samtykka til «en svært intim utlegning av seg selv, konen og sønnen».

Det allmenne publikum og Raudts Mímir Kristjánsson heia på Strømøy, som siste skanse mot systemisk urett i sosialomsorga. Her stod det om liv, ikkje om presseetikk!

På få dagar vart det samla inn nær fire millionar kroner på Spleis for å få familien til Noreg. NRK avviste også pressekritikken og rakk å slå bramfritt fast at dei kunne «stå inne for» serien, før det vart kjent at overgrepsofferet Bamsegutt sjølv har ein 30 år gammal dom for overgrep mot mindreårige. Samhaldet smuldra, støtta til Strømøy skifta til hatmeldingar, klagestraumen til Kringkastingsrådet og Pressas Faglege Utval (PFU) auka, og alt søndag 19. november måtte NRK fjerna serien frå nettspelaren for å vurdera endringar.

«Med eit så høgt sjeftårn kan det bli tynn luft på toppen»

Ei verkeleg krise for NRK vart det først då det kom fram at dommen mot «Bamsegutt» faktisk var kjent i NRK før publisering av serien, og at det var Strømøys redaktørar heilt opp til Kringkastingssjefen som tok avgjerda om å utelata informasjonen.

NRK hadde ikkje anna val enn å ta opp sine eigne redaksjonelle val på redaksjonell plass. Tysdag 21. november var etikkredaktør Kalbakk og distriktsdirektør Marius Lillelien gjester hos Fredrik Solvang i Debatten. Der var òg ein av Bamsegutts overgrepsoffer. Redaktørane vart pinleg svar skuldige.

Dagen etter vart Vibeke Fürst Haugen lagt på grillen av ei uvanleg pågåande Ingerid Stenvold i Dagsrevyen. Det var tydeleg at nyhenderedaksjonen ikkje ville bli slått i hartkorn med slumsete true crime-metodar, og at dei heller ikkje likte at direktørane til no hadde freista å gjera som Pilatus og dytta ansvaret nedover i NRK-organisasjonen. Dagsrevy-intervjuet stilte spørsmål om det femetasjars redaktørhierarkiet frå Strømøy til Fürst Haugen kunne vera ein del av problemet. Med eit så høgt sjeftårn kan det bli tynn luft på toppen og lite kontakt med grunnplanet. Slikt trugar vurderingsevna.

«Vi trodde at det ikke ville komme fram», sa distriktsdirektør Lillelien 22. november om hemmeleghaldet av overgrepsdommen. Då lurar ein ikkje lenger berre på kva funksjon og mynde ein etikkredaktør i NRK har, men kva for ei medieverd NRK-leiinga som kollektiv lever i.

Er dette den same leiinga som dagleg strekker allmennkringkastingsomgrepet langt for å konkurrera mot sosiale media og strøymetenester? Har dei ikkje i det minste følgt med på korleis NRKs eigne tilsette har dekt den eine politiske skandalen etter den andre dei siste åra? Kan dei kjenna att mønsteret i dårleg og lite tillitvekkjande krisehandtering?

Frå torsdag 16. til onsdag 22. november var ingen ting endra i Bamsegutt-saka anna enn at den tilbakehaldne informasjonen var offentleg kjent. Det var det faktumet som førte til at NRK trekte «Ingen elsker Bamsegutt» for godt. Kringkastingssjefen orsaka og tok ansvaret, men NRK-handteringa frå start til mål var ei bjørneteneste for «Bamsegutt». Vonleg har andre medieleiarar notert læringspunkt, som det heiter på organisasjonsinterne powerpointar.

Heldigvis for seriens hovudperson og hans sakeslause familie var mange av sjåarane meir til å lita på enn NRK. Spleis finansierte heimreise frå Filippinene utan at Bamsegutts problem fordampa ved landing på Gardermoen.

Og heldigvis for dei mange som til liks med Tore Strømøy vil lufta og rydda i velferdsstatens mørke krokar og på politisk vanstyrte kontor, har dei overordna spørsmåla overlevd i den offentlege debatten, også det med publikums hjelp.

November 2023

  • «Flyalarmene bør ringe i Akersgata, men det er skremmende stille», skrev Karpes Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid i et Instagram-innlegg der han gikk i strupen på VGs daværende politiske redaktør Hanne Skartveit. Etter å ha lest alle kommentarene hun har skrevet om Israel og Palestina de siste 17 årene, konkluderte han med at hun har valgt Israels side. Det benektet Skartveit.
  • Sametinget vil revitalisere de minste samiske språkene og foreslo å bevilge 1,3 millioner kroner til et skoltesamisk løft.
  • Morgenbladet fikk doblet pressestøtta fra 11 til 22 millioner kroner.
  • Konkurranseklagenemnda opphevet Konkurransetilsynets vedtak om å gi bøter på totalt 545 millioner kroner til Norges fire største forlag og Bokbasen.

Viktige verk

  • Stavanger kunstmuseum samlet Peder Balke, Lars Hertervig og spanske Eugenio Lucas Velázquez under samme tak. «Uventede, ambisiøse koblinger mellom norske 1800-tallskunstnere og samtidige kolleger fra andre land er ikke hverdagskost på [regionmuseene]», påpekte vår kritiker.
  • Nordland teaters oppsetning av «Titus Andronicus» viste dessverre at William Shakespeares tragedie speiler samtida vår altfor godt, skrev Klassekampens anmelder.
  • Pagon-arkitektene, blant dem Sverre Fehn og Arne Korsmo, så på gjenreisningen av Norge som en maktkamp, hevdet professor Espen Johnsen i boka «PAGON: Scandinavian Avant-Garde Architecture 1945–1956».

«Trodde av gode grunner at jeg aldri jeg skulle dele pris (...) med en forfatter som har erklært at de tre viktigste emnene å skrive om er 1. pedofili, 2. nazismens skjønnhet og 3. Knausgård.»

Jan Guillou syntes ikke Karl Ove Knausgård var en verdig vinner av Leninprisen