Anne Birgitte Fyhn har delt denne artikkelen med deg.

Anne har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Korrupsjonsjegar Eva Joly meiner det ikkje hjelper på tilliten folk har til institusjonane når tidlegare politikarar leier Økokrim.

Joly er uroa for tilliten

Langar ut: Økokrim har oppført seg som om dei var dommarar når dei ikkje etterforskar aksjehandlane Sindre Finnes gjorde medan kona Erna Solberg var statsminister, meiner Eva Joly. Her er den norskfødde franske advokaten og korrupsjonsjegeren på Hotell Bristol i Oslo ved eit tidlegare høve. Foto: Marthe Amanda Vannebo

– Eg synest Økokrim har abdisert si rolle, at dei ikkje oppfyller mandatet dei har fått frå Stortinget, som er å etterforske all økonomisk kriminalitet, også frå politikarar og ektefellene deira. Det verkar som at dei skyr politikken, seier korrupsjonsjegeren Eva Joly.

Etter at Økokrim fredag kunngjorde at dei ikkje startar etterforsking av aksjehandlane Sindre Finnes gjorde medan kona Erna Solberg var statsminister for å finne ut om det kan ha vore innsidehandel, reagerer Joly sterkt.

– Når du opnar etterforsking, skal du berre ha skjellig grunn til mistanke. Den mistanken er grunna i Nordic Mining. Det seier dei sjølv. Dei har oppført seg som om dei var dommarar, seier Joly.

Den norskfødde franske politikaren, advokaten og tidlegare forhøyrsdomaren har sidan starten meint at saka berre kan få eitt utfall: at Erna Solberg går av.

– At Erna på fredag annonserte at ho ikkje skal skilje seg, ser eg på som at det heile er regissert og at ho er i handa på kommunikantar og advokatar. Det er ikkje bra for demokratiet, seier Joly.

Ikkje over enno

Økokrim har sett på om det er grunn til å tru at aksjehandlane kan ha vore basert på informasjon Sindre Finnes har fått på grunn av at kona var statsminister. Sjølv om den juridiske delen er avklart etter at Økokrim førebels ikkje opnar etterforsking, er ikkje saka over enno.

Tysdag startar høyringa i kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget om dei ulike habilitetsbrota. Der må Solberg forklare seg saman med tidlegare statsrådar Ola Borten Moe og Anniken Huitfeldt, og noverande statsråd og nestleiar i Arbeidarpartiet Tonje Brenna.

Advokaten til Sindre Finnes Thomas Skjelbred har heile tida sagt at Nordic Mining-kjøpa ikkje var innsidehandel, og at dei meiner ikkje noko av det Finnes har gjort, er ulovleg.

Kan ha vore innside

Økokrim vurderte om det var grunn til å starte etterforsking i fleire av aksjehandlane, men den handelen dei meiner kan ha vore innsidehandel, vart forelda i oktober.

Finnes kjøpte aksjar i gruveselskapet Nordic Mining i dagane før Solberg-regjeringa slo fast i regjeringserklæringa i 2013 at dei ville opne for at Nordic Mining kunne dumpe avfallet i fjorden.

Økokrim-sjef Pål Lønseth sa på pressekonferansen fredag at vinsten var på om lag 10.000 kroner og at dei ikkje etterforskar så små summar som ligg så langt tilbake i tid.

– Det dei ikkje seier, er at dei sjølv har late det bli forelda. Dei har sjølv late det bli forelda, for dei hadde saka på bordet og kunne stoppe foreldinga, men det ville dei ikkje. Det å ikkje ta etterforskinga på dette punktet, er ei politisk avgjerd, seier Joly.

Lønseth sa òg på fredag at resultata frå handlane ikkje har vore særleg gode, og viste til at han truleg ville tent meir på å ha pengane i eit vanleg indeksfond.

Joly meiner det argumentet ikkje er juridisk.

– Vi veit frå Økokrims eigen analyse av Nordic Mining-saka at dette truleg var innsidehandel. Difor veit vi at Finnes hadde intensjonen til å begå innsidehandel. Når han har vist éin gong at han hadde den intensjonen, kan vi anta at han ikkje hadde ei moralsk motførestilling mot innsidehandlar, seier ho.

Ho reagerer òg på formuleringa frå Lønseth hadde om aksjeprisen på gruveselskapet.

– Økokrim seier at løyvet til å dumpe avfallet i Førdefjorden kunne ha påverka aksjeprisen. Det er svakt. Verdien på ei gruve, ligg i løyvet.

Folk må få vite

Lønseth er sjølv tidlegare politikar og har vore statssekretær for Arbeidarpartiet i justisdepartementet.

Joly meiner det ikkje hjelper at ein tidlegare politikar har ansvaret for å etterforske andre politikarar.

– Konsekvensane er store når ein oppnemner ein tidlegare politikar til sjef for Økokrim. Folk flest skjønar at det er éin regel for dei som er der oppe, i den internasjonale eliten som flyr verda rundt i si eiga boble, og som dei som veit at dei hamnar i fengsel om dei reiser til Spania med Nav-pengar, seier ho.

Joly meiner det finst mange andre dyktige statsadvokatar som kunne hatt stillinga.

– Det er ikkje noko gale med Lønseth, men han har tilhøyrt ei anna verd.

At mannen til den tidlegare statsministeren har spekulert i aksjar og gjort 3600 aksjehandlar medan ho var statsminister, har skapt ei uro i folket, meiner Joly.

– Dei har ei rett til å vite om operasjonane til Finnes utgjorde innsidehandel, men den retten har dei vorte avskoren i dag. Dei burde ha opna etterforskinga, og kanskje kom dei fram til om nokre månadar at det var okei, men det å ikkje opne etterforskinga er bisart, seier ho.

Dette får du

  • Maktkritisk journalistikk

    Få tilgang til hele avisa på papir og nett. Du kan velge å få papiravisa hver dag, lørdag eller kun nettavis.

  • Prisvinnende nettavis

    Klassekampen.no gir papirfølelsen på nett, uten distraksjoner og billige grep.

  • Magasiner

    Du får Musikkmagasinet på fredag, Bokmagasinet på lørdag, samt Le Monde diplomatique på norsk en gang i måneden.