Solberg-saka

Føler seg råka av aksjesaka

Erna Solberg innrømmer at ho var inhabil då ho gav bort heimfallsrett til Hydro i 2021. Ordføraren i Ullensvang tykkjer det heile er tragisk.

TRIST: Roald Aga Haug har vore ordførar i Ullensvang sidan 2015. Her er han fotografert i Odda i 2021. Foto. Christopher OlssønTRIST: Roald Aga Haug har vore ordførar i Ullensvang sidan 2015. Her er han fotografert i Odda i 2021. Foto. Christopher Olssøn

Arbeidarparti-ordføraren i Ullensvang Roald Aga Haug har kalla det eit ran at Hydro fekk lov til å ta over vasskraftverka i Røldal og Suldal til evig tid.

Han meiner at kommunen tapar 100 millionar kroner i året på nokre lovendringar og eit konsesjonsvedtak som vart gjort under den borgarlege regjeringa.

No har han fått med seg at Erna Solberg innrømmer at ho ikkje gjorde ein god nok jobb med å vurdere eigen habilitet knytt til aksjane ho og ektemannen eigde i Hydro i 2020 og 2021, og det heile gjer han sur.

– I mange år har vi følt at vi blir møtt av regjeringsmedlemmar og stortingspolitikarar som har lite kunnskap, og som eigentleg ikkje forstår argumentasjonen vår. Når vi då får høyre at Erna Solberg faktisk har teke det så lite på alvor at ho har skjønt at ho var inhabil, så kjenner folk på ei sorg og ei fortviling, seier Haug.

Kjøpte seg opp i Hydro

Då Solberg vart statsminister i 2013, vart ektemannen Sindre Finnes kalla inn til eit møte på statsministerens kontor (SMK). Der vart dei gjort kjent med at Finnes og Solberg eigde aksjar i den store industriselskapet Norsk Hydro.

SMK registrerte at dei hadde eigarskap i Hydro og gjorde merksam på at det var verdt å følgje med på dersom det dukka opp saker der det kunne gjere Solberg inhabil.

Solberg sjølv vurderte på dette tidspunktet at eigardelen deira på kring 45.000 kroner var for liten til at han gjorde henne ugild.

Nokre år seinare vart dei 45.000 kronene til nærare 200.000 kroner mellom anna ved at Finnes kjøpte seg opp i Hydro. Dette seier Solberg at ho var klar over.

Då ho i 2016 og 2021 tok kontroversielle avgjerder som fekk store konsekvensar for Hydro, vurderte ho likevel ikkje at auka i hydroaksjar hadde gjort ho inhabil. No seier at ho ikkje gjorde ein god nok jobb med det.

– Erna Solberg har generelt vore ein god medhjelpar for Hydro, og då er det jo urovekkjande å tenkje på ho har vore inhabil i desse sakene, seier Haug.

«Folk kjenner på ei sorg og ei fortviling.»

Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang (Ap)

Solberg sjølv understrekar at inhabiliteten i møte med Hydro ikkje har påverka nokre av avgjerdene ho har teke.

Ikkje lenger heimfall

Kraftverkene i Røldal-Suldal vart bygd av Hydro for å gje kraft til aluminiumsproduksjonen deira på Karmøy i Rogaland. Utbyggjing førde til store naturinngrepp, og mellom anna vart eit heilt landbrukssamfunn lagt under vatn.

Ein del avtalen var at rettane til krafta skulle gå attende til staten etter 60 år. Hydro var derimot kritiske til dette og meinte at dei trengde krafta til verket sitt.

Etter at lova vart endra under Solberg-regjeringa enda det likevel ikkje slik i Røldal-Suldal.

– Slik eg ser det, så er heimfallsretten totalt uthola no, og det er ikkje lenger heimfallsrett slik det var tenkt, seier ordførar Haug.

VIl leite etter utvegar

Sjølv om Solberg-saka stadig utviklar seg, har ikkje Roald Aga Haug i Ullensvang så mykje tiltru til at det ende med at dei kontroversielle avgjerdene under Solberg-regjeringa vert omgjort.

– Vi kjem til å leite etter moglegheitert til å få tatt opp dette på nytt, og ingenting ville ha vore betre enn at alt dette vart omgjort. Vi trur vel likevel ikkje heilt på det.