Erna Solberg meiner tydeleg at ho ikkje har «outsourca» nokon av habilitetsvurderingane til mannen hennar Sindre Finnes.
Den tidlegare statsministeren frå Høgre forklarte seg i går for kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget for aksjehandlane Finnes gjorde medan ho var regjeringsleiar, og kva dei aksjane kunne gjere med habiliteten hennar.
Komitémedlemane Seher Aydar (Raudt) og Audun Lysbakken (SV) meiner ho ikkje gjorde nok for å undersøkje eigen habilitet. Begge to etterlyser betre og strengare reglar for aksjehandel blant medlemmar av regjeringa.
Solberg hadde ein avtale med Finnes om at han skulle opplyse henne om store kjøp og sal av aksjar, slik at ho kunne vurdere eigen habilitet.
– Eg meiner at avtalen i for stor grad gjorde det opp til ektemannen å vurdere kva for opplysingar ho måtte ha. Det framstår underleg for meg at ho ikkje kravde fullt oversyn over alle endringar i aksjeporteføljen. Det er ikkje eit uttrykk for mistru, men eg tenkjer det er ganske naturleg for ein statsminister å ha oversyn, fordi det er ho som skal vurdere habilitet, seier Lysbakken.
I tillegg til tidlegare statsminister Erna Solberg, måtte tidlegare statsrådar Ola Borten Moe (Sp), Anniken Huitfeldt (Ap) og Anette Trettebergstuen (Ap), noverande statsråd Tonje Brenna (Ap) og noverande statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) møte.
Kunne gjort meir
– Vart du meir trygg av svara Erna Solberg gav?
– Nei, tvert imot. Det er viktig å hugse på at det mest alvorlege i saka, alt er slege fast. Det er omfanget av habilitetsbrot. I tillegg har Solberg forsvart seg med at ho har vorte lurt og gjorde det ho kunne for å få nok informasjon. Eg meiner heilt tydeleg at sjølv om det ikkje er tvil om at ho vart lurt, så er det heller ingen tvil om at ho kunne gjort meir for å få oversyn over sin eigen økonomiske situasjon, seier Lysbakken.
Seher Aydar meiner Solberg ikkje tok politisk ansvar for aksjane.
– Det var ei førestilling av ansfråskriving vi vart vitne til i dag. Det er ikkje nok med at ho ikkje tok ansvar i perioden ho var statsminister, men ho tek heller ikkje politisk ansvar i dag, seier Aydar.
– På kva måte er det ho ikkje tek politisk ansvar?
– Ho klarer ikkje å kome med nokon konkrete ting ho kunne gjort annleis for å unngå å hamne der vi er i dag. Det kunne ho. Ho har ikkje halde opplysingsplikta si. I intervjuet med Klassekampen, seier ho at ho meiner ho har oppfylt den plikta, men eg meiner at ho i dag viser at ho ikkje har det, seier Aydar om intervjuet Klassekampen gjorde med Solberg 23. september.
– Korleis då?
– Ho bad ikkje om å sjå alle aksjane. Ho bad aldri om ein portefølje. Ho visste at han eigde aksjar, men følgde det aldri opp. I 2020 vart familieøkonomien styrkt med 1,2 millionar kroner, utan at ho gjorde noko med det. Ho kunne fleire gongar undersøkt dette, men gjorde det aldri.
Krev nye reglar
Lysbakken ramsar opp kva som har mangla: for svak opplæring av statsrådane, for lite einskapleg praksis blant departementa, embetsverket må ha tydelegare ansvar og retningsliner for korleis dei skal hjelpe statsrådane, og faste rutinar for kvart einskild departement om korleis dei handterer prosessane.
«Det var ei førestilling av ansfråskriving vi vart vitne til i dag.»
— Seher Aydar (Raudt), stortingsrepresentant
Raudt vil gjere det ulovleg for statsrådar og nær familie av statsrådar å handle aksjar medan dei har posisjonane.
– Det er heilt klart at denne runden må munne ut i endringar i regelverket. Den eine er at ein må få rutinar som er like i alle departementa, som kanskje liknar litt meir det ein har i Kommunaldepartementet, der ein har skjema og lister for utnemningar, seier Aydar.
– Nokon meiner det ikkje er reglane det er noko gale med, men at dei ikkje vart følgt.
– Det er begge delar. Både at det finst toppolitikarar som har brote habilitetsreglane. Det meiner eg skal få konsekvensar. Men òg at når det er så mange saker, er det eit systemproblem òg, seier ho.
– Kva konsekvensar meiner du det skal få?
– For dei som har gått av, kan vi ikkje stille mistillitsforslag, men kontrollkomiteen kan vedta ulike former for kritikk. Det skal vi vurdere utover i saka.
Politikarane vil ha det
Både Borten Moe og Huitfeldt saknar strengare reglar. Moe sa at han rapporterte bindingar då han byrja som statsråd, men han sa at det finst ikkje noko system som fangar opp endringar ein bør vere merksam på om eigen habilitet. Han kjøpte aksjar i våpenprodusenten Kongsberg Gruppen medan han var statsråd.
– Det krev stort oversyn og enorm kunnskap å halde tunga rett i munnen. Det trekkjer i retning av at ein ikkje kan handle og ikkje sitje med einskildaksjar. Om det var køyreregelen, hadde ikkje denne situasjonen oppstått. Eller at eg hadde visst at eg gjorde noko gale, sa han i høyringa.
Alle som møtte i høyringa, meinte òg at opplæringa av statsrådane kunne vore betre.
– Eg trur ein med fordel burde stramma opp og hatt ein meir heilskapleg praksis frå Statsministerens kontor, sa Trettebergstuen i høyringa.