«Tillit er en forutsetning for vårt økonomiske og demokratiske system.» Det sa Økokrim-sjef Pål Lønseth då han kunngjorde at dei opna etterforsking mot tidlegare statsråd Ola Borten Moe for aksjehandlane han gjorde i våpenprodusenten Kongsberg Gruppen ASA medan han var statsråd.
Der meiner jussprofessor på Handelshøyskolen BI Morten Kinander at Økokrim gjorde ein tabbe.
– Eg meiner at når dei først har grunngjeve det som dei gjorde med Ola Borten Moe, så fangar bordet, sjølv om det kanskje var litt uheldig. Av omsyn til at dei elles vert mistenkt for å drive politisk forskjellshandsaming, seier Kinander.
Økokrim vurderte òg om dei skulle etterforske saka om dåverande utanriksminister Anniken Huitfeldt, i ei sak som liknar på saka til Solberg og Finnes, fordi mannen hennar handla aksjar. Då landa dei på å ikkje opne etterforsking.
– Det er litt rart. Der grunngav dei det med at ei etterforsking ville vere så inngripande at dei ikkje ville etterforske fordi ho er sitjande statsråd. Det er eit eksplisitt politisk omsyn og det er ikkje heldig, seier Kinander.
Han meiner tvert om at makthavarar og avgjerdstakarar som sitjande utanriksminister heller bør liggje under ei ekstra streng norm.
Ikkje oppsiktsvekkjande
Både Kinander og jussprofessor ved Universitetet i Bergen Jon Petter Rui meiner det skal vere ein ganske låg terskel for å opne etterforsking. Rui meinte alt i midten av september at alt låg til rette for etterforsking og meiner det same no,
– Ja, basert på vilkåra i lova og at det veldig låg terskel for å setje i verk etterforsking, så meiner eg det, seier han.
Advokaten til Finnes, tidlegare Økokrim-topp Thomas Skjelbred, har sagt at han ønskjer ei etterforsking.
– Det er ikkje så unaturleg. Når ein får eit slikt søkjelys på seg, så er dette det organet i staten som på best og mest objektive måte kan avklare om det har skjedd noko straffbart, seier Rui, som meiner ein ikkje treng å overdrive at det vert opna etterforsking.
Skal mykje til
Sjølv om det ikkje vil vere oppsiktsvekkjande om Økokrim opnar etterforsking i dag, er likevel terskelen ganske høg for å bli dømt for det.
– Det har ingen konsekvensar for Økokrim eller for saka om dei sa «ingen kommentar» og etterforska det dei meinte var å etterforske, seier Kinander.
Han meiner det ikkje vil vere nok om Solberg hadde sagt «eg kjem ikkje til middag i dag fordi eg skal til Kongsberg», og Finnes kjøpte våpenaksjar etter det. Ein må kjenne til konkrete avgjerder, som om Solberg under middagen hadde sagt «åh, han der arbeidsministeren er den siste som er mot ein svær avtale på Mongstad».
«Når dei først har grunngjeve det som dei gjorde med Ola Borten Moe, så fangar bordet.»
— Morten Kinander, professor i juss ved Handelshøyskolen BI
– Det er mykje mindre innsidehandel enn folk trur, nettopp fordi krava er relativt høge. Det er heilt håplaust at Økokrim i det heile er relevant for økonomien til statsministeren. Det tyder på veldig dårleg styring.
Dette kjøpte han
Sindre Finnes handla aksjar heilt frå Erna Solberg vart statsminister og gjennom heile den perioden, fram til E24 avslørte omfanget av handelen to veker før valet. Dei mest omtalte handlane, sjølv om vi ikkje veit kva Økokrim ser på, er:
- Nordic Mining. Samstundes som Høgre og Solberg førebudde seg på regjeringsmakt, kjøpte Finnes seg opp i gruveselskapet Nordic Mining. Få dagar etter den siste handelen, annonserte Solberg-regjeringa at dei ville opne for sjødeponi og aksjekursen steig i vêret. Saka er no forelda.
- Hydro. Solberg-regjeringa endra ei lov som hadde stor innverknad på industriselskapet Hydro. Finnes handla før Solberg kom med lovframlegget i 2015, då ho vart vedteken i 2016 og då Hydro oppretta eit nytt kraftselskap som følgje av lovendringa i 2020.
- Laks. Klassekampen har skrive at Finnes kjøpte og selde aksjar i Mowi og Lerøy for store summar våren 2019. Det var samstundes som regjeringa arbeidde med skattlegging av oppdrettssektoren. Han handla mykje i perioden fram til Solberg-regjeringa avgjorde å ikkje innføre grunnrenteskatt august 2020.
- DNB. E24 har skrive at Finnes vedda på kursfall i DNB fleire gongar seinsommaren 2020. 9. september gjekk Solberg-regjeringa ut og sa at norske bankar ikkje burde betale utbyte på grunn av økonomisk uvisse som følgje av pandemien.
- Pandemien. Ifølgje VG vedda Finnes, på ulike måtar, fleire gongar gjennom pandemien at børsen skulle falle. Fire dagar før regjeringa varsla omfattande krisepakke, dagen før regjeringa varsla lettingar i tiltak og i dagane før regjeringa varsla moglege restriksjonar.