Habilitet

Foreslår aksjeforbod

SV foreslår ei rekkje nye reglar og forbod for å rydde opp i norsk politikk.

IKKJE GRØNT LYS: Audun Lys­bakken (til høyre) og Torgeir Knag Fylkesnes (til venstre) vil ha strengare reglar. Her er dei fotografert i Oslo i 2020. Foto: Christopher OlssønIKKJE GRØNT LYS: Audun Lys­bakken (til høyre) og Torgeir Knag Fylkesnes (til venstre) vil ha strengare reglar. Her er dei fotografert i Oslo i 2020. Foto: Christopher Olssøn

SV meiner at norsk politikk står i ei tillitskrise etter alle skandalane dei siste månadane, og no kjem dei med fire konkrete forslag for å bøte på den dalande tilliten.

– Fellesnemnaren for forslaga våre er at det er meir firkanta reglar. Vi treng at reglane blir strengare og tydelegare, seier stortingsrepresentant og medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget Audun Lysbakken.

Nestleiar i SV Torgeir Knag Fylkesnes seier at det er viktig med klare reglar, fordi erfaringane frå denne sommaren og hausten har synt at det ikkje alltid er nok å basere seg på tilliten til at politikarar gjer det som er riktig.

– Eg trur at når det ikkje finst reglar mot noko, så vil nokon føle at det er lov å gjere det. Dersom det er uklart, så må vi ha reglar mot det, seier Fylkesnes.

Fire forslag

SV vil no fremje fire ulike forslag, og dei føler at dei alle heng saman med korleis folk har byrja å miste tilliten til dei folkevalde og dei demokratiske institusjonane våre etter ei rekkje saker der statsrådar har måtte gå av grunna ulike tillitsbrot.

Dei fire forslaga frå SV er:

  • Eit forbod mot at statsrådar, politiske rådgjevarar og statssekretærar i regjering handlar aksjar i andre finansielle instrument så lenge personen har dette vervet.
  • Eit lobbyregister der alle som vitjar Stortinget eller representantane i Stortinget for å påverke i saker som er til handsaming, vert registrert.
  • Eit lobbyregister som registrerer alle som besøkjer departementa eller regjeringa for å påverke på sine eigne eller andre sine vegner.
  • Å lovfeste at oppdragsgjevarane til statsrådars tidlegare oppdragsgjevarar vert registrert, og at innhaldet i oppdraget også vert registrert. Dersom ein statsråd til dømes tidlegare har jobba som PR-rådgjevar for First House, så må det bli registrert kven han eller ho då jobba for.

Lysbakken seier at fleire av forslaga, som eit lobbyregister og openheit om kundelister, tidlegare har vorte fremja av SV på Stortinget utan at dei har klart å få fleirtal for det saman med dei andre partia.

Denne gongen håpar han at det er annleis.

– Eg trur no at alle dei politiske partia tenkjer at det er eit heilt nytt og djupt alvor rundt dette. Tillit er noko av det mest dyrebare i det norske demokratiet, og no håpar og trur eg at også dei andre partia skjønar at vi må jobbe saman for å gjenreise den tilliten, seier Lysbakken.

Vil fryse aksjepostar

Forslaget til SV om å forby aksjehandel i regjeringa betyr ikkje at det vil vere ulovleg å eige aksjar for statsrådar, statssekretærar og politiske rådgjevarar, men at dei ikkje kan kjøpe eller selje nokre av aksjane sine medan dei sit i den posisjonen.

– Det er rimeleg å kunne forvente at aksjehandel er noko du klarer å leggje vekk i ein periode. Det er ikkje mogleg å kombinere aksjehandel med det å sitje i regjering, og det må vere mogleg å avstå frå slik handel i ei tid.

«Vi treng at reglane blir strengare og ­tydelegare.»

Audun Lysbakken, stortingsrepresentant for SV

– Nokre har argumentert for at eit slikt forbod vil kunne råke rekrutteringa til politikken frå nokre sektorar?

– Då må vi vege det opp mot den alvorlege situasjonen som norsk politikk no står i. Vi treng meir firkanta reglar for å gjenopprette tilliten til dei folkevalde, og til det politiske systemet. Det har alltid vore argument mot strengare reglar, og mot openheit. No er situasjonen så alvorleg at eg håpar at dei motargumenta lagt vekk, seier Audun Lysbakken.

– Det har jo vore ganske strenge habilitetsreglar i regjeringa, men likevel har altså ein god del statsrådar brote dei. Det er ikkje alltid strenge reglar fungerer?

– Nei, men det å ha strenge reglar gjer det også lettare å måle statsrådane opp etter dei reglane. Vi kan slå fast at nokon har brote habilitetsreglane, fordi vi faktisk har habilitetsreglar, seier Lysbakken.

Habilitet og openheit

Norsk politikk har vorte råka av fleire skandalar og statsrådsavgangar dei siste månadane, og fellesnemnaren har vore habilitet.

Habilitetsreglane i regjeringa skal sørgje for at folk kan stole på at politiske avgjerder vert tekne utan at nokre vert favoriserte fordi dei kjenner folk i regjeringsapparatet, og at dei folkevalde ikkje let seg påverke av økonomiske, familiære eller venskaplege band til andre personar.

Nestleiar Fylkesnes seier at det er viktig å stramme inn for å sørgje for at dei folkevalde tek habilitet på alvor.

– Det skal aldri vere tvil om habiliteten til ein statsråd. Det sit eit fleirtal på Stortinget no som er samde i det, og likevel har seindrektigheit og motstand gjort at våre forslag tidlegare ikkje har vorte vedteke. No håpar eg at fleire blir med på denne marsjordren, seier Fylkesnes.