Andreas Økland har delt denne artikkelen med deg.

Andreas Økland har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Sindre Finnes investerte 180.000 kroner i Kongsberg. Nokre dagar seinare annonserte selskapet ein viktig kontrakt etter tett samarbeid med forsvarsdepartementet.

Tente godt på jagarfly

Fekk god gevinst: Erna Solberg og Sindre Finnes tente godt på Finnes si investering i våpenprodusenten Kongsberg. Her er dei fotografert på 75 års-markeringa av frigjeringa av Noreg på Akershus festning i Oslo. Foto: Lise Åserud, NTB

I byrjinga av november 2020 kjøper Sindre Finnes, ektemannen til dåverande statsminister Erna Solberg, aksjar i den norske våpenprodusenten Kongsberg for om lag 180.000 kroner.

9. november avslører Kongsberg eit samarbeid med den amerikanske flymotorprodusenten Pratt & Whitney, og at det har skjedd etter tett samarbeid med forsvarsdepartementet. Dei to selskapa skal ruste opp dei norske F35-jagarflya på Rygge.

Aksjekursen til Kongsberg stig, og frå 11 til 13. november sel Finnes sine aksjar i Kongsberg for kring 190.000 kroner. Han står igjen med ei forteneste på rundt fem prosent.

– Han har ei pen forteneste og ein god timing, seier investeringsdirektør i Nordea Robert Næss, som har sett på investeringane i lag med Klassekampen.

Finnes gjorde over 3600 aksjehandlar i dei åtte åra Erna Solberg var statsminister. Det at han tente pengar på avgjerder som låg på bordet til kona si regjering, er ikkje noko prov på at han har drive med innsidehandel.

Klassekampen har forsøkt å kontakte Finnes for å høyre om han har ein kommentar til saka. Han har ikkje svart.

Tidlegare har Finnes via sin advokat sagt til Klassekampen at han berre har drive med lovleg aksjehandel, og at han ikkje fekk tilgang til innsideinformasjon då kona hans var statsminister.

Rusta opp jagarfly

Forsvaret skildrar F35-jagarflyet som eit fly med «heilt unike eigenskapar som gjer det til eit av verdas beste kampfly».

Kongsberg er ein norsk våpenprodusent med lange røter og ei rik historie. Dei har ei eiga avdeling som spesialiserer seg på å reparere og ruste opp jagarfly.

På Rygge utanfor Oslo står dei norske jagarflya. Sjølv om dei er nesten heilt nye, treng dei kontinuerleg overhaling, reparasjon og oppgradering.

9. november 2020 kunne Kongsberg annonsere det dei omtala som ein historisk avtale: «Sammen skal partene drifte et av de fem globale F135-vedlikeholdsdepoter. Dette er den første kontrakten i ei serie av kontrakter som skal strekke seg over flere år. Kontrakten sørger for vedlikehold, reparasjon, overhaling, oppgradering (MRO & U) og logistikkstøtte til det globale nettverket for F135-motoren, for å understøtte Joint Fighter Program for F-35 kampflyene», stod det i pressemeldinga frå Kongsberg.

Og marknaden likte det dei høyrde, for i dagane etter at Kongsberg annonserte denne gladnyheita, steig aksjekursen til selskapet med fem prosent. Etter at kursen har stige, brukar Finnes eit par dagar på å selje seg heilt ned i selskapet.

– Han har treft ganske bra med den investeringa, det må eg seie, seier Robert Næss i Nordea.

– Umogleg å hugse

Klassekampen har spurt Erna Solberg om ho sjølv var involvert i avgjerda om at Kongsberg skulle ruste opp F35-jagarfly på Rygge saman med Pratt & Whitney, eller om det berre var forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) som var involvert. Solberg har ikkje svart.

Jussprofessor ved Universitetet i Bergen Jan Fridthjof Bernt seier det å vite om avgjerda låg på hennar bord eller ikkje, er nødvendig for å vurdere om Solberg var inhabil.

– Det er litt komplisert juss dette her, men det enklaste er eigentleg å berre seie at dersom ikkje Solberg sjølv har teke ei avgjerd som statsminister her, så har ho ikkje vore inhabil, seier Bernt.

Klassekampen har også spurt tidlegare forsvarsminister i Solberg-regjeringa Frank Bakke-Jensen om han hugsar i kva grad Solberg var involvert i avgjerda med å gje oppdraget til Kongsberg og Pratt & Whitney.

Bakke-Jensen seier at det er umogleg for han å hugse i kor stor grad Solberg var involvert i den avgjerda.

Hadde ikkje oversikt

Erna Solberg var statsminister i Noreg frå 2013 til 2022 og eigde då aksjar i ei rekkje selskap saman med ektemannen Sindre Finnes.

Solberg har sjølv innrømt at ho ikkje hadde god nok kontroll på kor mange aksjar dei eigde, og at det kan ha gjort ho inhabil i fleire avgjerder ho tok som statsminister.

Når statsministeren er inhabil i ei avgjerd, betyr det i utgangspunktet at avgjerda er ugyldig. Solberg har sagt til fleire medium at det er tale om så mange saker der ho kan vere inhabil, at det blir vanskeleg å lage ei oversikt over alle sakene.

Solberg hevdar at ektemannen førte ho bak lyset og ikkje var ærleg om kor omfattande aksjehandel han dreiv på med. Ho seier ho var klar over at dei egde aksjar i ein del selskap, og at Finnes dreiv med litt handel med aksjar.

Den tidlegare statsministeren er derimot klar på at ho ikkje kjente til omfanget. Til Klassekampen har ho likevel innrømt at ho aldri spurde ektemannen om kor mange aksjar han eigde, og at ho sjølv ikkje gjorde ein god nok jobb med å skaffe seg oversikt over omfanget.

Jussprofessor Eivind Smith ved Universitetet i Oslo har sagt til Klassekampen at Solberg braut undersøkingsplikta si som statsminister, og at det var hennar ansvar å halde styr på kor mange aksjar dei eigde, og i kva saker ho kunne vere inhabil.

– Plikta til å følge med og undersøke, kjem grunnleggjande sett frå habilitetsreglane og ditt ansvar for sjølv å følge med på om du kan vere inhabil i de sakene du behandlar, og så eventuelt ta konsekvensen av det ved å trekke deg, sa Smith til Klassekampen førre veke.

Rettelogg: I denne artikkelen stod det tidlegare at Kongsberg Gruppen inngjekk ein avtale med Forsvarsdepartementet. Det er ikkje riktig. Kongsberg Gruppen inngjekk ein kommersiell avtale med Pratt og Whitney. Det er nå retta.

Dette får du

  • Maktkritisk journalistikk

    Få tilgang til hele avisa på papir og nett. Du kan velge å få papiravisa hver dag, lørdag eller kun nettavis.

  • Prisvinnende nettavis

    Klassekampen.no gir papirfølelsen på nett, uten distraksjoner og billige grep.

  • Magasiner

    Du får Musikkmagasinet på fredag, Bokmagasinet på lørdag, samt Le Monde diplomatique på norsk en gang i måneden.