Truls Gulowsen har delt denne artikkelen med deg.

Truls Gulowsen har delt denne artikkelen

Bli abonnent

Stopp ferjefritt E39 og gjør heller eksisterande veg betre, er meldinga frå Naturvernforbundet, Lastebileierforbundet og Transportarbeiderforeninga.

Fleire vil skrote store vegplanar på Vestlandet

Ferje over bru: Yrkessjåførar går saman med naturvernarar og ber om at regjeringa fiksar vegane mellom fjordane før ein bygg ferjefri E39. Foto: Tom Henning Bratlie

Fleire av dei farlegaste vegane i Noreg ligg på Vestlandet. No ber Naturvernforbundet, Lastebileierforbundet og Transportarbeiderforeninga i Fellesforbund i vest regjeringa om å prioritere trygge og gode vegar, heller enn å bygge firefeltsvegar for ferjefritt E39.

– Dei store kostbare vegprosjekta må settest på vent, så vi kan satse på vegane mellom fjordane. Mange av dei har ikkje gul stripe og er veldig rasutsett, seier regionsjef Jan Ove Halsøy i Lastebileierforbundet.

Dei meiner regjeringa må kome med strakstiltak for å få på plass gul stripe på E39 i Nasjonal Transportplan, som kjem til våren. Gul stripe inneber ein viss standard på vegen og ei breidde på minst seks meter. NRK omtalte saka først.

Farlege vegar

Fleire av strekningane langs E39 oppfyller ikkje krava til gul stripe. Særleg i Sogn og Fjordane er vegnettet dårleg.

– Det er ikkje delane av vegen du ser som er verst. Det er fundamentet. Det er som om du har mala eit hus, som er totalt rottent innvendig, seier Jan Ove Halsøy.

Han seier at fleire av yrkessjåførane han treffer på, er redde for å køyre på fleire av strekningane, på grunn frykt for ras eller at vegen gir etter.

– Det er ikkje ferjene som er problemet, men vegane i mellom, seier Halsøy.

Kvardagsvegar

Det er stort etterslep på vedlikehald av fleire vegar på Vestlandet. Ifølgje Halsøy hadde ein fått svært god kvalitet på E39 om ein hadde brukt 46 milliardar – prisen Hordfast foreløpig er sett til.

– Enkelte politikarar seier at vi ikkje skal sette vegprosjekt opp mot kvarandre, men det må vi gjere, seier Halsøy.

– Det hjelper ikkje ha flotte bruer og tunnelar, når resten ramlar saman, legg han til.

Kvar dag køyrer yrkessjåfør Kristian Gåsland mellom Bergen og Stavanger. Han er einig med forbunda om at ein må utbetre vegane mellom fjordane først.

– Det kjem til å ta mange år før dei store prosjekta er ferdig er ferdig, seier Gåsland.

Sjølv trekk han fram E16 mellom Bergen og Voss, som han sjølv køyrer med høge skuldrer.

– Det er fare for ras, mykje trafikk og stygge forbikøyringar. Alt som er farleg, seier han.

Ein uvanleg allianse

Nokon vil kalle det ein overraskande allianse, men det er ikkje første gongen transportforbunda går saman med Naturvernforbundet. Sist gong var i 2019 då dei gjekk ut mot Hordfastprosjektet.

– Store naturinngrep, der dei skal pløye gjennom myr og verneverdig regnskog, er ikkje er det beste ein kan gjere for å bygge veg, seier Halsøy.

Naturvernforbundet meiner pengane må gå til anstendige vegplanar, når ein først skal bruke pengar på naturøydeleggande prosjekt.

– Vi meiner god kvalitet på viktige vegsamband vil gjere det vanskelegare å kome med natur- og klimaøydeleggande motorvegprosjekt langs kysten. Som det er mange av, seier leiar i Hordaland Naturvernforbund, Tom Skauge.

Dette får du

  • Nye perspektiver

    Journalistene våre gir deg analyser og vinklinger du ikke finner andre steder.

  • Klassekampen.no

    På klassekampen.no får du servert de beste sakene fra avisa. Du kan også lese dagens og tidligere utgaver, søke i arkivet og dele artikler med venner og kjente.

  • Nett eller papir?

    Du kan ha papiravisa hver dag, bare i helga eller ikke i det hele tatt. Digital tilgang har du uansett!