I Noreg kan du slå opp telt nesten kor du vil, og det har ikkje noko å seie kven som eig staden du slår opp teltet. Om du ikkje er til bry, kan du strekkje deg ut på badehandkledet ditt sjølv om svaberget ligg på andre folks private eigedom.
Denne allemannsretten stammar frå ein tanke om at naturen og strandsona tilhøyrer oss alle i fellesskap. Det er ein vakker tanke som ligg bak denne retten, og han er kjempa fram trass sterk motstand frå private grunneigarar. Ideologisk er allemannsretten nært i slekt med tankane som ligg bak grunnrenteskatt på kraft, olje og laks.
«I Oslofjorden har private grunneigarar i tiår sprengt vekk svaberg.»
Både allemannsretten og grunnrenteskatten er ei stor inngriping i den private eigedomsretten, men det har skjedd på ein føreseieleg måte gjennom demokratiske vedtak. Likevel finst det no stader der allemannsretten i praksis ikkje lenger er gjeldande. Det har ikkje skjedd på ein føreseieleg og demokratisk måte. I Oslofjorden har private grunneigarar i tiår sprengt vekk svaberg, sett opp bryggjer og utvida naust utan å spørje om lov. Konsekvensen er at summen av alle dei ulovlege og private initiativa har frårøva innbyggjarane den retten som strevsamt og gradvis er kjempa fram gjennom folkestyret.
Det er ikkje vanskeleg å forstå at det kan vere frustrerande for nokre at dei ikkje får lov å byggje brygga dei har lyst på. Dersom ein ikkje likar allemannsretten og strandsonevernet, er framgangsmåten likevel å røyste på eit parti som vil endre lova på Stortinget.
Ei av hovudgrunnane til den udemokratiske frårøvinga av allemannsretten i Oslofjorden, er at ymse kommunestyre har hatt sympati med dei som ønskjer seg ei ny brygge. Det har gjort at dei har handsama regelverket mindre strengt enn det som var meininga då det vart vedteke på Stortinget. Heldigvis forsøkjer Statsforvaltaren å passe på at strandsoneliberale kommunar held seg til lova, sjølv om det ikkje alltid er populært. Utholinga av allemannsretten må ta slutt, og dei som har bygd ulovleg i strandsona må tole beskjeden om å rive. Også når han kjem mange år for seint.