I jordbrukssamfunnet måtte kongen – med velsigning frå gudane – forsyne folket med korn. Så òg for Heilag-Olav.

Korn og konge

KONGE: Kong Olav er Norges evige konge – over landet og kornet. Her frå den katolske basilikaen San Carlo al Corso i Roma. MÅLERI: «THE PAINTING OF ST. OLAV THE KING OF NORWAY» (1893) PIUS ADAMOWITSCH WELONSKY

At Olav verna kornet frå såing til hausting, gjorde olsokfesten til eit av årets høgdepunkt.

Ved olsok (29. juli) kjem gjerne spørsmålet om kvifor Heilag-Olav fekk ein så stor plass i folket i heile Norden. For sin kristne livsførsel, sine sigrar på slagmarka, eller for martyrdøden og dei under han gjorde sidan? Historikarar har vanskar med å forklare Olavs-kulten. Ein gløymd peikepinn finn vi i ein liten artikkel trykt i Nationen ved olsok i 1945 (sjå sidetekst). Der hevda kulturhistorikaren Kristofer Visted at Heilag-Olav tok over som kornguden. Han vart vernehelgen for kornhausten, den alle venta på i månadsskiftet juli-august.