I Aftenposten las eg om kor ein burde gå i København, og der stod det at ein burde ta seg ein tur til Istedgade, og visst, her er eg, midt i den danske sumaren, in the year of our Lord 2017, det går ein galning gjennom Europa, nett her, i Istedgade, i København, og, medan det tutar og hamrar frå alle kantar, inne i skallen og ute i Istedgade, tenkjer eg at denne galningen må vere meg, så augnar eg ei jente, ho vinkar, til meg, eller til den lommeboka eg ikkje har, dette er ikkje bra, og det er ikkje hennar feil, eg snur, snur og går tilbake, og det er då eg møter den eigentlege galningen, han som går gjennom Istedgade, han som nyss ropa, og etter det eg kan høyre også held fram med å rope, han, og moglegvis på dansk, det gjer uansett ingen skilnad, krafta døyver språket, leivningar av det danske språket treff øyregangane og resonnerer mot det som alt bankar der inne, leveringa vinn over bodskapen, og opp i andletet, det som er mitt, kjem han, kjem det, eg kjenner eit knepp i mitt indre, og galningen kjem hit, han er komen hit, og no veit eg det, galningen er ikkje lenger meg, har aldri vore meg, om enn eg aldri så mykje går gjennom Europa, her i Istedgade, i København, og eg veit det, ser det, kjenner det, inn i margen no, galningen er nær, galningen er her, og eg kjem meg ikkje unna, no skjer det tenkjer eg, no skjer det, men så skjer det likevel ikkje, opp i ansiktet ja, men galningen, han glir forbi, eg augnar han, ser han gå opp i eit nytt andlet, og eg skjønar at eg har fått ei opning, så eg langar ut, redninga bør vere nær, ein fotgjengarovergang, heile tida høyrer eg galningen rope, jamt, brått, ukontrollert, så eg gløttar bak meg, ser han gå, snart opp, snart ned, Istedgade, nett her, ein stad i Europa, han snakkar ikkje lenger berre ein til ein, han snakkar til heile gata, til heile Europa, og verda med, ropar ut sanningar som var han Guds utvalde basun, galningen har noko han vil seie og han seier det no, eg forstår ikkje kva han så gjerne vil seie, men i eit klart øyeblikk ser eg at det ikkje er eg som er galningen, eg er ein heilt vanleg fyr, ein som tilfeldigvis er i København, på seminar, på jobb, på det som er, fullt ut i stand til å kjøpe pølse, eg har valt dette sjølv, kan reise heim, medan han som går der nede, han eg framleis høyrer rope, han er den galne, og eg tenkjer at han som skal halde fram med å trakke opp og ned gata her også hadde hatt eit par skikkelege sko, og eg minnest brått eg og ein kompis, i 1993, ved posthuset litt lenger borte, vi sov ute, på stein, ikkje godt, men det var for ei natt, og vi mangla det meste, men vi hadde ein plass å reise til og billettar heim, og vi hadde sko, og eg tenkjer at det har eg også no, ei pølse i handa, og gode sko, eg er framleis i stand til å føte meg, dei er kanskje ikkje semska, men jaggu er dei blå, og jau, eg er framleis god til å gå.