Viss ein samanliknar med dei politiske posisjonane i alle andre europeiske land, er det å sitte i den franske presidentstolen det mektigaste politiske vervet ein kan få i Europa. Mange har dei siste åra fått inntrykk av at Angela Merkel er den mektigaste, fordi ho sjølv har tatt på seg ei slik rolle. Men formelt er den franske presidenten François Hollande den desidert mektigaste europeiske politikaren, på grunn av dei vide fullmaktene presidenten har.
Dersom presidentkandidaten Emmanuel Macron vinn fram med sitt sentrumsprogram, kan han forandre heile Europa.