Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Bjørnar Moxnes vann overlegent på Raudt Oslos nominasjons­møte. Den tapande part meiner framleis å ha grasrota på si side.

Sur stemning i Raudt

Tredjeplass: Sofia Rana høyrer røystetala og innser at ho tapte med god margin.

Stemninga var i høgspenn då Raudt Oslo torsdag kveld skulle ta den avgjerda som tidlegare partileiar Bjørnar Moxnes har skildra som eit retningsval for partiet. Skal han sjølv få den ganske sikre andreplassen på stortingslista i Oslo, eller den heller gå til bystyrepolitikar Sofia Rana?