Kjell Ivar Skjerdingstad og Åse Kristine Tveit kjem med gode tankar kring lesing, leselyst og regjeringas leselyststrategi i Klassekampen 18. juni. Kulturrådet vil likevel legge til eit par korrigeringar og utfyllande kommentarar. Dei omtaler innkjøpsordninga til skulebibliotek som Kulturdirektoratets, men det er Kulturrådet som forvaltar denne ordninga. Dei skriv vidare at ordninga bør omfatte sakprosa og omsett litteratur. Ordninga omfattar allereie sakprosa. Kulturrådet har som mål også å innlemme omsett litteratur. Ved sist tildelingsrunde, der 380 skulebibliotek vart med i ordninga, valte vi å ikkje prioritere omsett litteratur for å få med fleire skulebibliotek. I vårt innspel til statsbudsjettet for 2025 har vi bedt om 13 millionar til styrking av ordninga for å kunne nå minst 700 skular og innlemme omsett litteratur. Det er i dag alt for store forskjellar i kva tilgang barn og unge har til litteratur, ut frå kor dei bur, kva skule dei går på og kva familie dei er født inn i. Kulturrådet kan bidra med å fylle bokhyllene. Så må stat og kommune syte for eit anna viktig poeng i Skjerdingstad og Tveits innlegg: Gode formidlarar må på plass, skulebibliotekarar med høgare stillingsbrøk enn i dag, og som er inkludert i skulen si heilskaplege pedagogiske tenking.
Håp og tru
Kor lang levetid har eit håp, eigentleg? Går det ut på dato, som ei mjølk som har stått for lenge bakarst i kjøleskåpet? Visnar det kanskje vekk og døyr som syrinar i hagen til bestemor ein gong i midten av sumarferien? Ingen er evig, sa dei i naturfagstimen på ungdomsskulen og både håp og syrin nikkar sørgmodig med nakken bøygd, for som ein fe kan heller ikkje dei leve utan at mange nok av oss trur. Ha tru, sa dei i kyrkja – trur eg, det er lenge sidan eg har vore innom å sjekka, men dei sa det ein gong i alle fall, og kan ein tru utan å håpe og håpe utan å tru? Tru på kva, lurer vel alle, og svaret det har ingen, men kanskje er tru på håpet nesten politisk og religiøst nøytralt og for alle. Eg trur vi må halde på håpet, for dersom vi skrur det av, let det gå ut på dato, let det visne vekk og døy då vil ingen lengre bry seg, og Gaza vil kunne forsvinne saman med blada på syrinane i hagen ein gong i løpet av sumarferien. Og då er det for seint å så nye frø, så nytt håp, så ny tru på fred.