Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lesing, lyst og skulebibliotek

Illustrasjon: Knut Løvås

Kjell Ivar Skjerdingstad og Åse Kristine Tveit kjem med gode tankar kring lesing, leselyst og regjeringas leselyststrategi i Klassekampen 18. juni. Kulturrådet vil likevel legge til eit par korrigeringar og utfyllande kommentarar. Dei omtaler innkjøpsordninga til skulebibliotek som Kulturdirektoratets, men det er Kulturrådet som forvaltar denne ordninga. Dei skriv vidare at ordninga bør omfatte sakprosa og omsett litteratur. Ordninga omfattar allereie sakprosa. Kulturrådet har som mål også å innlemme omsett litteratur. Ved sist tildelingsrunde, der 380 skulebibliotek vart med i ordninga, valte vi å ikkje prioritere omsett litteratur for å få med fleire skulebibliotek. I vårt innspel til statsbudsjettet for 2025 har vi bedt om 13 millionar til styrking av ordninga for å kunne nå minst 700 skular og innlemme omsett litteratur. Det er i dag alt for store forskjellar i kva tilgang barn og unge har til litteratur, ut frå kor dei bur, kva skule dei går på og kva familie dei er født inn i. Kulturrådet kan bidra med å fylle bokhyllene. Så må stat og kommune syte for eit anna viktig poeng i Skjerdingstad og Tveits innlegg: Gode formidlarar må på plass, skulebibliotekarar med høgare stillingsbrøk enn i dag, og som er inkludert i skulen si heilskaplege pedagogiske tenking.