Då eg var elleve år, tapte mor kampen om å halda meg unna hesteryggen, og deretter gjekk det i galopp. Farfar fortalde meg at når jokeyane på Øvrevoll datt av, rulla dei seg saman og trilla bortover som ein ball. Det tenkte eg mykje på, og første gong eg blei kasta av, landa eg på høgre skulder og gjorde nett som farfar hadde sagt. Det tok eg som eit teikn på at eg utan fare kunne setja meg opp på kva hest eg ville.
Pensumlitteraturen handla om kvinner som det gjekk gale med.