Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Mange var framsynte for 2023, men ingen var like god som Vidar Toreid frå Setesdal.

Vismann for sin hatt

Spåmannen: Vidar Toreid, ikledd Setesdalsbunad, er ingen mindre enn ein suveren vinnar av årets gjettekonkurranse.

– Neihei? Meg? Det er jo fantastisk, seier Vidar Toreid, tidlegare distriktslege i Setesdal og femårig leiar i Setesdal sogelag, når Klassekampen ringer for å fortelje at ingen var like treffsikker som han i spåleiken for 2023.