Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Drama om Tove Ditlevsens ekteskap slår ut Strindberg og Albee.

Knockout under beltet

Brutalt: Du vil neppe sjå betre skodespel i år enn det Paprika Steen og Lars Brygmann presterer som ekteparet Tove Ditlevsen og Victor Andreasen. Joachim Fjelstrup som den unge Klaus Rifbjerg (bak) blir ufriviljug vitne til samlivsstriden.​ Foto: Fidalgo Filmdistribusjon

Toves værelse

(Danmark, 2023) Regi: Martin Zandvliet Manus: Jakob Weis Drama/ 1t. 13min./ Kino

Teater på film blir ikkje betre eller meir brutalt enn «Toves værelse». Då filmregissør Martin Zandvliet (Oscar-nominert for «Under sanden» frå 2015) såg Jakob Weis’ kritikarroste stykke på Folketeateret i København i 2016, vart han så oppskaka at han først avviste å laga ein filmversjon med ensemblet. Reservasjonane er forståelege, trass i at to av Danmarks beste filmskodespelarar her hadde vorte gjevne ein tekst som fekk fram uant råskap i begge.