Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Frå no av var det han som var omsorgsperson og ho som trong hjelp.

Bror til Blixen

19. august 1931 gjekk Karen Blixen i land i Marseilles etter ei lang reise med dampskip frå Mombasa. Ho var sjuk og nedbroten og hadde mista både den afrikanske kaffifarmen og den engelske elskaren sin. Broren Thomas Dinesen stod på kaien og tok imot henne. Han var forferda over kor mager ho var blitt, berre ein skugge av seg sjølv. Silkestrømpene hang i trekkspel på dei tynne leggene.

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.