Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Viss politiet ikkje kan beskytte oss, kva skjer da? Som samfunn får me i siste omgang det politiet me fortener, skriv Stephen Walton.

Pride, politiet og paradane

GOD STEMNING? Luftforsvaret deltek i prideparaden i Oslo i 2019. Det same gjorde uniformert politi, noko ikkje alle meiner er rett, Men haldningane til politiet har alltid avspegla haldningane i samfunnet, skriv Stephen Walton. FOTO: ODIN JÆGER, VG/NTB Mattis Sandblad

Handlingsforløpet dei seinaste dagane er nokså klart. Natt til laurdag vart Jon Erik Isachsen og Kåre Arvid Hesvik drepne og 21 andre skadde av ein psykisk sjuk mann som hadde vore i kontakt med islamistiske og homofobiske miljø. Mannen er tidlegare dømd for grov vald, oppbevaring av narkotika og for å ha gått med foldekniv på offentleg stad. Han vart intervjua av politiet så seint som i mai.