Stasjonen
Håpar Hugh Grant speler hovudrolla i filmen.
Det er slutten på ei tragisk kjærleikshistorie mellom to menn som elska kvarandre. Men som i alle tragiske kjærleikshistorier måtte det ta slutt. – Det er ikkje deg, det er meg, sa kanskje den eine til den andre der dei sat i bilen ved bensinstasjonen på Ramstadsletta. Stemninga var nok over 2,5 bar – men om ho var under det, var det lurt å stoppe på ein bensinstasjon.
Dette er nok ein av dei mest kjende bensinstasjonane i landet, kanskje attmed YX-stasjonen ved Dombås. Sjølv om «det store vi» har snakka om Den norske bensinstasjonen og det tragiske som fann stad der sidan denne mørke kvelden i 1995, har eg aldri heilt reflektert over akkurat kvar Ramstadsletta er.
Det er mange bensinstasjonar i Noreg og sikkert endå fleire i Buskerud, så ein kan ikkje vite kvar alle er. Men dette er ikkje i Buskerud eingong, det er i Sandvika like utanfor Oslo. Eg har jamvel vore der og kjøpt spylarvæske ein gong utan å reflektere over at det store bensinstasjonsdramaet hende nett her.
Det som skal ha skjedd, då, er at han eine sa følgjande til han andre: «Jeg tror det er riktig at vi to nå skiller lag. Vi har fulgt hverandre hele livet. Det er som regel klokt at slikt på et eller annet tidspunkt tar slutt.» Eller! Så har han eine sagt «og jeg gjør ikke dette hvis vi ikke er enige om det» og han andre svara «ja, vi er blitt enige».
Det er ikkje det du sa, men måten du sa det på. Camilla Collett ser ned på dei fislete dramaa vi skriv bøker om i dag.
Kva var det eigentleg Julie sa da ho drap seg attmed liket av Romeo? Dei fekk aldri fortalt sine historier i memoarane. Reint statistisk må det jo ha vorte slutt mellom Olivia Newton-John og John Travolta. Men kvar er memoarbøkene om deira låke endelykt?
Politikarbiografiar skal fortelje den eigentlege historia om korleis den skjøre maskuliniteten deira opplevde eitt eller anna for kjempelenge sidan. Men vi vil jo ha meir sladder, kven som klinte med kven på julebordet eller klabba ned nokon andre med ei wienerpølse ei sein forhandlingsnatt. Og midtsidemenn, berre sjå til Noregs mest maskuline mann Fridtjof Nansen.
Først fekk Thorbjørn Jagland fortelje si historie i bind nummer éin, så bind nummer to, før Martin Kolberg fortalde si i eitt, einsleg bind. Men fortvil ikkje, etter kvart kjem Jagland med eit tredje bind. Er det lov å håpe på ein lukkeleg slutt? Alle som har sett ein romantisk komedie, veit at lagnaden vil ha det til at dei to skal finne saman att på ein bensinstasjon ein stad.