Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit nytt notat kastar lys over intern maktkamp i Private barnehagers landsforbund:

Kommersielle skvisar ideelle

KRITISK: Elin Skrede er rådgivar i For Velferdsstaten og har skrive notatet «Private barnehagers landsforbund. Om hvordan Norges største interesseorganisasjon for private barnehager har formet norsk barnehagepolitikk i de kommersielle barnehageeiernes favør.» Her ser ho med eit kritisk blikk på PBLs rolle i utforminga av barnehagesektoren. Anniken C. Mohr

DOMINERER: Private barnehagers landsforbund favoriserer kommersielle medlemskonsern. Eit mindretal har utan hell jobba for endringar, ifølge eit notat.

Private barnehagers landsforbund (PBL) er ein arbeidsgivar- og interesseorganisasjon som består av alt frå små foreldredrivne barnehagar og andre ideelle enkeltståande barnehagar til store kommersielle konsern med utanlandske finansfond i ryggen.