Appellerer til god og tvilsam nostalgi.
(Lassie – eine abenteuerliche Reise, Tyskland, 2020)
Regi: Hanno Olderdissen.
Manus: Jane Ainscough, etter Eric Knights roman.
Med: Bandit, Sebastian Bezzel, Anna Maria Mühe.
Norske røyster: Teodor Barsnes- Simonsen, Frida Wevling, Jon Erling Wevling, Nils Vogt, Henrik Horge, Sara McDonald Berge, Bjørn Eivind Aasland, Turid Rivertz Vatne, Jørn Morstad, Ida Lind.
Aldersgrense: 6 år.
Lengde: 1 t. 36 min.
Vist på: Opne kinoar.
Eric Knight la grunnlaget for ein klassisk dyrefilmsjanger då han i 1940 publiserte ei barnebok om den oppvakte og lojale collien Lassie, som trassar naturlege hinder og menneskelege farar for å venda heim til småguten ho har vorte skild frå. Den første filmatiseringa av «Lassie kom hjem!» vart laga i Hollywood i 1943, og var med å gje Elizabeth Taylor barnestjernestatusen som starta ein formidabel filmkarriere.