Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hunden som er lojal når menneska sviktar, vil alltid røra oss.

Samlar flokken

FAMILIEHUND: Lassie er bestevenen til Florian (Nico Marischka), men då far Andreas (Sebastian Bezzel) mistar jobben, og dei må flytta, blir det vanskeleg å ha hund. FOTO: STORYTELLING MEDIA TOM TRAMBOW

Appellerer til god og tvilsam nostalgi.

(Lassie – eine abenteuerliche Reise, Tyskland, 2020)

Regi: Hanno Olderdissen.

Manus: Jane Ainscough, etter Eric Knights roman.

Med: Bandit, Sebastian Bezzel, Anna Maria Mühe.

Norske røyster: Teodor Barsnes- Simonsen, Frida Wevling, Jon Erling Wevling, Nils Vogt, Henrik Horge, Sara McDonald Berge, Bjørn Eivind Aasland, Turid Rivertz Vatne, Jørn Morstad, Ida Lind.

Aldersgrense: 6 år.

Lengde: 1 t. 36 min.

Vist på: Opne kinoar.

Eric Knight la grunnlaget for ein klassisk dyrefilmsjanger då han i 1940 publiserte ei barnebok om den oppvakte og lojale collien Lassie, som trassar naturlege hinder og menneskelege farar for å venda heim til småguten ho har vorte skild frå. Den første filmatiseringa av «Lassie kom hjem!» vart laga i Hollywood i 1943, og var med å gje Elizabeth Taylor barnestjernestatusen som starta ein formidabel filmkarriere.