Du kan bla til neste sideBla med piltastene

SMÅ HEIMAR

Bustadrebellen

SMÅTT: Mikrohuseigar Tamar Ohana Goksøyr lev livet sitt innanfor 13 kvadratmeter. Der kan ho kjenne på fridommen ved å bu lite. Foto: Tom Henning Bratlie

Fleire kjem til å bu på 30 rullande kvadratmeter i framtida. Mikrohusa har lagt seg på hjul.

Fem stigetrinn ned frå soverommet. Fem skritt gjennom kjøkkenet til doen. Eitt til om ho skal dusje. Tre steg til kjøkkenhylla for å hente kaffikverna og så tre til stovebordet. Dette er morgonrutinane til Tamar Ohana Goksøyr. Men det er òg rammene til livet hennar. Goksøyr bur nemleg i eit mikrohus.