Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Stortinget oppheva skjenkestoppen i mange kommunarUvisse om reglane

No opnar Bergen ølkranene

LØYSING: Då Stortinget opna for skjenking i kommunar med låg smitte – om du et mat – snudde barane seg rundt for å tilby det. Tor Tessem på Apollon Platebar i Bergen kokar betasuppe på ei kokeplate han har sett i baren. Klassekampen

TØRST: No får plassar som serverer mat, lov å tilby folk alkohol igjen. Men kva er mat? Og kor lenge kan ein få servert øl etter å ha kjøpt ein sandwich?

I går opna kranene att i Bergen og mange andre kommunar med lågt smittetrykk. Det vart mogleg etter at Stortinget overkøyrde regjeringa som ville ha skjenkestopp i minst éi veke til. Stortinget bad regjeringa lette på restriksjonane og la serveringsstadar skjenke alkohol til maten.