TØRST: No får plassar som serverer mat, lov å tilby folk alkohol igjen. Men kva er mat? Og kor lenge kan ein få servert øl etter å ha kjøpt ein sandwich?
I går opna kranene att i Bergen og mange andre kommunar med lågt smittetrykk. Det vart mogleg etter at Stortinget overkøyrde regjeringa som ville ha skjenkestopp i minst éi veke til. Stortinget bad regjeringa lette på restriksjonane og la serveringsstadar skjenke alkohol til maten.