Morgonen etter storminga av kongressen vakna eg til skadefryd. For i radioen sa framstegspartimeldlem Christian Tybring Gjedde at han var djupt sjokkert over det brå omslaget som hadde skjedd med president Trump, som heilt til det siste hadde vore nobelprisen verdig. Og eg kneggja framleis ganske muntert då han uttalte seg igjen på Dagsnytt atten og forsikra om at dette var det ingen som kunne vita på førehand, i og med at dei som alltid har sagt at Trump er ein tulling, høyrer til på den politiske venstresida.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.