William Golding, han som skreiv «Fluenes herre», boka om kostskulegutane som strandar på ei aude øy og degenererer til blodtørste barbarar, påstod at han interesserte seg for menneskenaturen. Men i røynda brydde han seg lite om korleis levande menneske oppfører seg i krisesituasjonar. Til gjengjeld var han djupt fascinert av undergangsforteljingar, og millionvis av lesarar har slukt denne romanen så rå at dei bruker han til bevis for at sivilisasjonen berre er eit tynt lag med ferniss over ein vill og grufull natur.
Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.