- Sjukepleiarane godtek ikkje resultatet frå lønsforhandlingane. Av dei medlemmane i Norsk sjukepleiarforbund som hadde røysta, sa 95 prosent nei til dei framforhandla 1,7 prosentane i lønsvekst. Det svarar til mellom 1400 og 1900 kroner i året. Nesten halvparten av medlemmane deltok i røystinga. Det vil seie at partane vert kalla inn til mekling for å finne ei løysing. Om dei ikkje gjer det, vert det streik.
Løn
Dagboka