På nyåret, før korona, blei to ulike patentsaker med kulturelt og spirituelt tilsnitt diskutert i offentlegheita. Sakene gjeld eigarskap til spirituelle symbol og kulturarv gjennom bruk av vår tids patentordningar: Kva tid er det legitimt å verna om eigne idear, produksjon og inntening, og kva tid må ein vedkjenna at noko høyrer til fellesskapet? Sakene – om høvesvis samisk og heidensk (norrøn) religion og identitet – er i det eine tilfellet avgjort, i det andre med uviss avslutning. Til liks med korona illustrerer dei grensetrekkingar og omsyn mellom individ og kollektiv, mellom einskildgrupper og globale fellesskap, forutan digitalisering av kommunikasjon og marknad.
Lars Gule, Eivor Oftestad, Anne Kalvig, Gina Lende og Helene Næss skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag.