Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Arbeidarar må sitje åleine i brakkerBransjen varslar fleire importar

Stengjer arbeidarar inne

ARBEIDARAR PÅ VENT: Fitjar Mekaniske Verksted AS hentar polske arbeidarar som må sitje i karantene i brakker i to veker før dei får arbeide. – Det gjekk tillitsvalde og tilsette rett forbi, fortel klubbleiar for Fellesforbundet på verftet.FOTO: GUNNAR WIEDERSTRØM Gunnar Wiederstrøm

EØS: 50 polske arbeidarar er stuva saman i karantene i brakkeriggar på Fitjar. Verftsindustrien vil hente fleire utanlandske arbeidarar, men fagforeininga fryktar for løns- og helsevilkår.

Det har vekt reaksjonar i Vestland-kommunen Fitjar at verftet Fitjar Mekaniske Verksted AS (FMV) har henta 50 polske arbeidarar med charterfly. Dei sit no i brakkeriggar i karantene, der dei skal sitje i to veker før dei får arbeide.