Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Elegant skoletime om DDR

FORHØYR: Theo (Leonard Scheicher) er den som uforvarande set i gang den lagnadstunge protesten. FOTO: STORYTELLING MEDIA JULIA TERJUNG

DDRs farvel til ungdom, fridom og sanning.

(Das schweigende Klassenzimmer, Tyskland, 2018)

Regi: Lars Kraume

Manus: Lars Kraume etter Dietrich Garstkas bok

Med: Leonard Scheicher, Lena Klenke, Jonas Dassler, Michael Gwisdek

Lengde: 1 t. 51 min.

Då Sovjet i 1956, tre år etter Stalins død, slo ned opprøret i Ungarn, vekte det stor uro blant både folk og marionetteregjeringar i andre austeuropeiske land. Ti år etter verdskrigen mot fascismen stod sovjetiske hærstyrkar framleis i grannelanda, som eit tydeleg teikn på at målsetnaden med det – sterkt mislikte – militære nærværet var endra.