DDRs farvel til ungdom, fridom og sanning.
(Das schweigende Klassenzimmer, Tyskland, 2018)
Regi: Lars Kraume
Manus: Lars Kraume etter Dietrich Garstkas bok
Med: Leonard Scheicher, Lena Klenke, Jonas Dassler, Michael Gwisdek
Lengde: 1 t. 51 min.
Då Sovjet i 1956, tre år etter Stalins død, slo ned opprøret i Ungarn, vekte det stor uro blant både folk og marionetteregjeringar i andre austeuropeiske land. Ti år etter verdskrigen mot fascismen stod sovjetiske hærstyrkar framleis i grannelanda, som eit tydeleg teikn på at målsetnaden med det – sterkt mislikte – militære nærværet var endra.