Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Den tyrkiske forfattaren Orhan Pamuk viser filmen basert på «Uskyldighetens museum» i Oslo:

Frå bok til museum til film

Regissør Grant Gee fekk Orhan Pamuk til å dikta vidare på sin eigen roman. I dag drøftar dei filmen «Innocence of Memories» i Oslo.

– Det byrja med at eg var invitert til Istanbul internasjonale filmfestival. I løpet av tre korte dagar i 2013 vart eg heilt oppslukt av byen. Reisa var også mitt første møte med Orhan Pamuks forfattarskap, som eg slukte. Alt på heimturen til Storbritannia var eg fast bestemt på å koma tilbake og arbeida i Istanbul, fortel dokumentarfilmskapar Grant Gee til Klassekampen.