NSB innfridde krava frå okkupantane og godtok slavearbeid. Kva vil det då seia at NSB ikkje vart nazifisert?
– Det norske rettsoppgjeret etter andre verdskrig gjorde NS-medlemskap til indikator på vondskap. Saman med dei tyske okkupantane, vart NS ståande som dei einaste utøvarane av vald, medan offeret var Noreg, seier forfattar Bjørn Westlie.