Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Gode nordmenn» godtok at NSB slutta seg til Nazi-Tysklands kyniske utnytting av fangar:

Etisk avsporing i NSB

Ansvar: Tyske okkupantar og NS har fått alt ansvar for valdsutøving i Noreg under andre verdskrig, men NSB deltok aktivt i det slavedrivne arbeidet på Nordlandsbanen, skriv Bjørn Westlie.

NSB innfridde krava frå okkupantane og godtok slavearbeid. Kva vil det då seia at NSB ikkje vart nazifisert?

– Det norske rettsoppgjeret etter andre verdskrig gjorde NS-medlemskap til indikator på vondskap. Saman med dei tyske okkupantane, vart NS ståande som dei einaste utøvarane av vald, medan offeret var Noreg, seier forfattar Bjørn Westlie.