Jill Rettberg har delt denne artikkelen med deg.

Jill Rettberg har delt denne artikkelen

Bli abonnent
Mot veggen

Gruveselskap er på randa av konkurs

Etter tjue år med aksjonar, rettssaker og debatt er Nordic Mining i gang i Førdefjorden. Men kundane vil ikkje ha produktet deira.

GODT SAMVIT: Kjell Roland seier at han lever godt med naturkonsekvensane av gruvedrifta i Førdefjorden. Her er han fotografert på Holtet i Oslo, på veg til rypejakt i Ål i Hallingdal. GODT SAMVIT: Kjell Roland seier at han lever godt med naturkonsekvensane av gruvedrifta i Førdefjorden. Her er han fotografert på Holtet i Oslo, på veg til rypejakt i Ål i Hallingdal.

– Nordic Mining har investert over tre milliardar kroner i Førdefjorden, men tenar ikkje pengar. Korleis hamna de i dette uføret?

– Me har halde på i 20 år som eit lite børsnotert selskap og gått tilbake til eigarar og långjevarar over 30 gonger for å henta pengar. Alt har teke lengre tid enn me trudde. Det finst inga avgrensing for sakshandsaminga. Alle saker kan ankast, uavhengig av om saka blir tilført noko nytt eller det kan påvisast sakshandsamingsfeil. Med ei fornuftig framdrift i konsesjonstildelinga og løyva ville me ha vore i gang for mange år sidan. Me har brukt opp mot ein milliard kroner på sakshandsaming, søknader, studiar og utgreiingar. Det finst ingen argument som kan påverka Natur og Ungdom. Dei og Naturvernforbundet har heilt frå starten bestemt seg for at dei var imot deponiet. Av den grunnen ankar dei alle vedtak. Difor tek det 20 år.

– Men de har òg kundar som er misnøgde med produkta dykkar. Det amerikanske industriselskapet Barton nektar å betale for den siste leveransen av granat.

– Me har hatt utfordringar i oppkøyringa. Det er ein komplisert industriprosess å skilja dei to minerala me produserer, rutil og granat. Det finst ikkje identiske produksjonar nokon stad i verda. Prosessen er heilt avhengig av malmtypen, samansetjinga av steinen og kor hard han er. Det inneber prøving og feiling. Sidan sommaren har det gått veldig i rett retning. No har me leigd inn nokre av dei flinkaste folka i verda til å hjelpe oss med dette.

– Dersom Barton forsvinn, står andre klare til å kjøpa til dei same prisane?

– Det er viktig å finna ei løysing. Årsaka til at Barton seier opp avtalen, har med ein komplisert avtalestruktur og posisjonering i ei juridisk usemje å gjera. Me trur me har veldig sterke kort. Me leverer det dei har spurt om, etter spesifikasjonen. Mange tenkjer at gruvedrift er enkle saker: Du sprengjer ut nokre steinar i fjellet. Men det er ein avansert og komplisert industriprosess. Dette gjer me i eit område utan denne typen industritradisjon. Me har vore opptekne av å tilsette lokale folk, men dette er folk som ikkje har drive gruve før. Me har forhandlingar med Barton, men er no òg fristilte frå eineretten dei hadde til å ta imot produkta. Då må me sjå oss rundt etter andre moglege kjøparar.

– Kor nær er Nordic Mining konkurs no?

– Me er i ein veldig krevjande situasjon. Selskapet må refinansierast og gjelda skrivast ned. Me har halvannan milliard kroner i obligasjonar og eit fond i England som har ein royalty på inntektene, og som gav oss ein snau halv milliard. Dette er i dag for stor gjeld for oss.

– Dersom de går konkurs no, finst det pengar til å rydda opp?

– Nei, ikkje til all opprydding. Det er sett av pengar på sperra konto til sikker nedstenging av gruva og tildekking av gråbergsdeponiet, som tryggleik overfor Direktoratet for mineralforvaltning. Det blir sett av pengar til tilbakeføring gjennom drifta, slik at det skal finnast pengar til å rydda opp og føra området tilbake til opphavleg tilstand når driftsperioden er over. Men det er etter at me har vore i drift ei stund.

– Så me må berre håpa at de unngår konkurs?

– Det er mange grunnar til å håpa på det.

– De har fått eit nytt mellombels løyve for tre år. Har staten eit reelt høve til å seia nei etter det?

– Staten kan alltid seia nei, men eg trur intensjonen om å finna ei løysing er veldig sterk. Alternativet til å la oss halde fram vil vera at staten får eit ofseleg søksmål mot seg, anten frå aksjonærane våre, långjevarane eller andre interesser. Det som er mykje tydelegare no enn i 2016, då løyvet vart godkjent av regjeringa, er dei strategiske minerala og den geopolitiske dimensjonen. Rutil blir mellom anna brukt til å produsera titan. Titan er heilt avgjerande strategisk, både for fly- og våpenindustrien og i medisinsk samanheng.

– Kor mykje av rutilet går til titan, og kor mykje går til pigment til å bleike tannkrem?

– 60 prosent til pigment og 40 prosent til titan. Pigment er mykje meir enn farge. Rutilet frå Engebø er det beste titanråstoffet i verda. Store delar av det som blir kalla pigment, går i realiteten inn i høgverdige produkt, til dømes avanserte kondensatorar som sit i alt av elektronikk.

– Korleis vil du skildra naturkonsekvensane av sjødeponiet?

«Veldig mykje av diskusjonen dreier seg om kjensler.»

— Kjell Roland, styreleiar i Nordic Mining

– Den viktigaste støttespelaren vår for denne løysinga har vore Miljødirektoratet. I 2012 vart det gjort ein stor studie av alternativa landsdeponi og sjødeponi. For vårt prosjekt kom dei til at sjødeponi samla sett var å føretrekkja ut frå miljøverknadene. Alternativet er eit gigantisk landsdeponi med avrenning og eit synleg inngrep i terrenget, samanlikna med sjødeponiet på 260 meters djup. Veldig mykje av diskusjonen dreier seg om kjensler.

– Men fisk, mellom anna blålange, mistar vel leveområde i og rundt deponiet?

– Det er ikkje mykje fisk på desse djupa, og fotavtrykket til deponiet er svært avgrensa. Men eg skal ikkje gå inn i biologien her. Utgreiingane som miljøstyresmaktene har slutta seg til, viser at miljøverknadene for biologien i fjorden er svært marginale. Som privatperson med barn og barneborn har eg ingen problem med dei miljømessige konsekvensane.

– Havforskingsinstituttet åtvarar om at sprengingane knytt til gruva kan forstyrra gytevandringa til torsken. Kvifor er ikkje du uroa for det?

– Vår vurdering er at dette ikkje gjev grunn til stor uro. Me har utført fleire støymålingar under vatn i og ved fjorden som underbyggjer dette. Me har gjort omfattande studiar og har kontinuerleg overvaking som viser at me driv i tråd med svært strenge vilkår. Miljødirektoratet har ansvaret. Dei har gått detaljert gjennom studiane våre og gjort ei totalvurdering. Dei har eit mandat til å vega ulike og ofte motstridande samfunnsomsyn mot kvarandre.

– Kvifor skal me stole meir dykk enn på Havforskingsinstituttet når det gjeld korleis dette vil påverke fisken?

– Havforskingsinstituttet er opptekne av ein ting, og det er fisken. Dei ser ikkje noko anna. Dei vegar ikkje ulike omsyn opp mot kvarandre. Det gjer Miljødirektoratet.

– Aksjekursen til Nordic Mining har falle rundt 94 prosent sidan nyttår. Har de ikkje gjort nokon feil sjølve som har ført dykk inn i denne situasjonen?

– Den største feilen er at me prøvde å byggja gruve i Noreg. Når det gjeld deponiløysinga, har me følgt råda frå styresmaktene. Me er ikkje dømde i Høgsterett, og me har aldri fått kritikk for at søknadene våre er mangelfullt underbygde, eller for at me ikkje har følgt regelverket.

Lyst å lese mer fra Klassekampen?

Bli abonnent

Du kan enkelt registrere deg med

Mot veggen

Mot veggen

Jonas Gahr Støre klappet ikke etter Trumps FN-tale: – En skarp melding, sier redaktør

Mot veggen

Redak­tør­for­eningen har aldri ekskludert et medlem. Én gang må bli den første, mener Morgen­bladets Ingeborg Misje Bergem, som har meldt seg ut i protest.

Mot veggen

Kristin Clemet er tilhenger av friskoler, men vil ikke ta barn ut av felles­skolen