Solveigs salt

Halvprinsen

Det fanst ingen merkelapp for guten som følgde med på kjøpet.

No i veka avgjorde Borgarting lagmannsrett at Marius Borg Høiby, som er sikta for vald i nære relasjonar og ei mengd med andre overgrep, ikkje skulle få permisjon frå varetektsfengsel for å vera saman med den sjuke mor si, kronprinsesse Mette-Marit. For det kan ikkje gjelda andre reglar for han enn for andre, og heile kongeriket har forstått at han ikkje er til å ha gåande laus.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Ar­beids­kraft

Mens nordmenn med kuhorn på hovudet lagar rorørsler og rolydar på amerikanske fotballtribunar, uroar andre seg for den dyrkinga av vikingtida som ligg attom. For alle veit jo at vikingane «plyndret, drepte og voldtok», og dessutan synest utlendingane sikkert at det ser forferdeleg dumt ut. Derimot kjem det sjeldan protestar mot den tradisjonelle feiringa av den amerikanske frigjeringskrigen, endå så mange soldatar som blei lemlesta og drepne, for ikkje å snakka om utryddinga av urfolket i tida som følgde. Den nådelause slavedrivaren George Washington blir halden høgt i ære som pioner og president i «the land of the free», og Thomas Jefferson sine fråsegner om fridom og menneskerettar gjeld framleis for grensesprengjande framsteg, sjølv om dei tvangsimporterte afrikanske arbeidarane fekk træla på som før. Dette skjedde så pass nyleg som for to hundre og femti år sidan, og er svært grundig dokumentert. Kjeldematerialet frå vikingtida er mykje knappare, med lite konkret informasjon og mykje propaganda og overtru. Men det er i alle fall semje om at den offisielle starten var i 793, då norske røvarar plyndra det kristne klosteret på øya Lindisfarne i Nord-England. Trass i seigliva påstandar om at havet spydde ut ei uteljande mengd med skip, var det ikkje verre enn at mange av munkane kom seg unna.

Likevekt

Eg synest det er stas når fotballfansen vår sit på ein amerikansk stadiontribune og roper hu! hu! mens dei gjer åretak med armane som om dei ror eit vikingskip. For det særeigne med kulturen her i nord var at krigarane rodde sjølve, i staden for å fylla dei smekre skipa sine opp med slavar. Rett nok brukte ikkje dei verkelege vikingane kuhorn på hjelmane, og ikkje var det noko typisk norsk med dei heller: I dei norrøne sogene er ein viking det same som ein røvar, same kor han kjem frå. Dessutan var den såkalla vikingtida først og fremst kjenneteikna ved havgåande skip og internasjonal kontakt, og kunne vel så gjerne heitt den norrøne utferdstida. Eller den store samhandlingsepoken, i og med at det ikkje blei mindre vald etterpå, då makta blei samla på færre hender. Dessutan fekk folk flest skralare helse, og det var knapt nokon som hugsa at det hadde funnest ein liten koloni av norskætta kvinner og menn i Nord-Amerika. Ein gong midt på ellevehundretalet, halvtanna hundre år etter at handelsmannen Leiv Eiriksson steig i land i Vinland og hundre år etter at vikingtida offisielt var slutt, kom bergensaren Eindride unge heim frå det indre Middelhavet, der han hadde jobba som leigesoldat, og sa til Ragnvald jarl, som var på besøk frå Orknøyane, at han burde ta seg ein tur til dei store og mektige landa i sør, han òg. Det blei opptakta til ei kombinert røvar- og pilegrimsferd som gjev innsyn i den eineståande likevektsfilosofien i ein nesten gløymd kultur. Mange ville vera med, så sant Ragnvald var førar for heile ekspedisjonen, for han var svært godt likt.

Å kryssa ei gate

Mens eg stod på vestsida av Kongsgata i Stavanger og venta på at trafikklyset skulle skifta til grøn mann, kom det dundrande forbi ei lang rekke med svartkledde gamlingar på digre motorsyklar. Dei fylte den tronge gata med øyredøyvande gjenlyd og giftig eksos, tre-fire i breidda, låge på giret og tunge på gassen, med stive blikk i pløsete fjes og breie kroppar på breie sete. Mange låg bakoverlente og skrevde som til masseundersøking for prostatakreft. Der fekk dei raudt lys. Eg løfta høgrefoten for å trø ut i gangfeltet – og drog han til meg igjen med det same, for dei køyrde tvers gjennom krysset utan verken å sjå seg til sides eller stansa. Så eg fekk berre venta tolmodig til alle hadde passert, og det tok si tid. Jamvel etter at fortroppen var forsvunnen sørover mot Hillevåg, strøymde det på med grovt maskineri og aldrande biomasse ut or svingen nord ved domkyrkja.