Solveigs salt

Klassisk danning

Same slags kjensler fører til heilt ulike reaksjonar.

Gamle bøker kan gje kraft og kveik sjølv om dei står på pensum i ein skule som ein er nøydd til å tvinga seg gjennom. Den antikke litteraturen som latinskuleelevane må lesa i romanen «Gift» av Alexander Kielland, er ille medfaren av dårlege lærarar, og kan endå brukast til fri improvisasjon i friminuttet, der gutane frå dei lågaste klassane, «stinkdyrene», skal ha tyn for at dei har mobba lille Marius. No sit han og kneisar på akslene til store sterke Abraham i spissen for ein hær som skal hemna seg på fienden med knallharde slyngekast med krittbitar frå tavla.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

Små søsken

Den kvithåra mannen såg stø og trygg ut der han sat og fortalde om kor hyggjeleg det var å henta barnebarna i barnehagen. Så med eitt brast han i gråt fordi det eine, ein stor og tung gut med Downs syndrom, støtt gjekk til åtak på veslesøstera. Verken foreldre eller besteforeldre visste noka råd med det, for dei hadde jo alltid høyrt at barn med Downs var så snille. Det anstrengte dei seg av all si makt for å tru framleis, og bestefaren tørka skamfull bort tårene og snufsa at det var vel i grunnen hans eiga skuld. «Vi har en liten søster, vi har en liten bror, som er litt annerledes enn andre barn på jord», står det i eit dikt av den fine lyrikaren Inger Hagerup som den herlege skodespelaren Wenche Foss ofte sa fram, med ein varme som kunne smelta stein. Ho hadde sjølv vore mor til ein av dei som kjem til verda med mindre handbagasje enn folk flest, og visste kva ho snakka om når ho bad oss alle gje dei glede til siste båt skal gå. Men det kunne nok òg få oss til å tru at berre me vinn over våre eigne fordomar, er det medvind heile vegen fram. Halldis Moren Vesaas har òg skrive klokt og kjærleg om einsamflygarar og andre avvikarar.

Giftig under­vising

Dei elendige Pisa-resultata har gjort ein hundre og førtito år gamal roman, «Gift» av Alexander Kielland, pinleg aktuell. For i den gamle skulen hadde latin og gresk så høg prestisje at ingen våga endra på det, sjølv om nytteverdien var under null. I vår tid er det den overspente teknologioptimismen frå førre tusenår som er komen for å bli, trass i at han syg energien ut or elevane, og spyr dei ut igjen som «små fortørkete hoder» som ikkje greier finna fram i den verda dei lever i. No sett me vår lit til ein kunnskapsminister som heldigvis lèt til å vera langt meir handlekraftig enn den tragiske heltinna i «Gift», den rike og vakre fru Wenche som har alle dei rette meiningane, men verken greier ta vare på seg sjølv eller sonen Abraham. For meg er det særskilt interessant at både ho og Kari Nessa Nordtun høyrer heime i Stavanger, der eg var tilsett ved katedralskulen i femten år, og underviste i historie i det same klasseromet som dei oppdikta tenåringane Abraham og Marius pugga gloser i. Det kunne vera tungt nok for levande ungdom òg å forstå kva dei skulle med til dømes Første verdskrig – heilt fram til nittitalet, då Jugoslavia gjekk i oppløysing med grenselaus brutalitet, og skapte ein uventa og omfattande trong til å finna ut kvifor Europa hadde blitt som det var. Tanken bak innføringa av data i skulen var at det skulle opna verda for elevane på tilsvarande vis. Trykte bøker var berre for dei som ikkje hang med i utviklinga, som å halda lærd latin og antikk gresk kunstig i live i eit samfunn der digital kompetanse er alt ein treng. I staden har det fått synsfeltet til å skrumpa inn.

Helgen­kongen

Eitt år og fem dagar etter slaget på Stiklestad stod ei samling med storfolk og såg ned i kista til Olav digre, der loket nettopp var blitt teke av. Dei fleste syntest at han såg ut som han låg og sov, så raud var han var i kinna, og at hår og negler hadde vakse som på eit levande menneske. Berre den danske Alfiva meinte at det var fordi liket var grave ned i sand og ikkje i mold at det ikkje var meir oppløyst. Då tok biskop Grimkjel fram ei saks og stussa håret og mustasjen på den døde, så alle skulle forstå at det hadde skjedd eit himmelens mirakel. Dette er fortalt i eit avsnitt i dei norrøne kongesogene der Snorre Sturlason glimtar til med skarpt tvisyn i ein tekst som elles er prega av sjølvsensur og frykt for represaliar: Det får så vera at Alfiva er ein framand inntrengjar som ingen liker, i denne stunda hevdar ho sunn fornuft mot autoritær religiøsitet, og viser seg like vitskapleg orientert som jomsvikingane då dei nytta si eiga halshogging til å finna ut om dei hadde medvit når hovudet var av. Straks etter renn han over med ukritisk helgenforklaring, tilsett som kongeleg propagandaskrivar som han var. Alfiva var gift med danskekongen og hadde teke styringa over Noreg saman med son sin, kong Svein. Ved uforsvarleg auking av skattetrykket hadde dei gjort seg så upopulære at nordmennene langt på veg hadde gløymt kor inderleg dei avskydde Olav digre den tid han drog landet rundt og torturerte og lemlesta dei for å tvinga dei til å bli kristne.