Solveigs salt

Små søsken

Mangelfull handbagasje er ofte det minste problemet.

Den kvithåra mannen såg stø og trygg ut der han sat og fortalde om kor hyggjeleg det var å henta barnebarna i barnehagen. Så med eitt brast han i gråt fordi det eine, ein stor og tung gut med Downs syndrom, støtt gjekk til åtak på veslesøstera. Verken foreldre eller besteforeldre visste noka råd med det, for dei hadde jo alltid høyrt at barn med Downs var så snille. Det anstrengte dei seg av all si makt for å tru framleis, og bestefaren tørka skamfull bort tårene og snufsa at det var vel i grunnen hans eiga skuld.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen

Solveigs salt

God dotter

Eg ser tilbake på eit liv rikt på venskap og kjærleik, arbeid og leik. Men der har òg vore mykje overanstrenging som braut meg ned til inga nytte. Derfor skulle eg ønskja at dei som var eldre enn meg, hadde levert ei brukarrettleiing for livet basert på erfaring og moralsk ansvar, i staden for å gni nasen min i menneskefiendtleg familieideologi. Ein laurdagsmorgon utpå hausten i 1978 banka det på døra. Det var ei uhøveleg tid for besøk, eg var trøytt etter ei travel arbeidsveke og dessutan gravid, og dei to kvinneansikta som stod klinte opp i glasruta, representerte eit krav som eg såg meg dårleg i stand til å innfri. Hadde det berre vore Jehovas vitne som ville overrekkja meg ei bok med gullskrift, kunne eg ha sendt dei av garde med eit venleg ønske om betre lukke annan stad, og vridd nøkkelen om i låsen så dei høyrde det. Men med mor og moster mi ståande på dørmatta slutta døra med å vera eit vern mot kaos og rann bort som vatn. No var ikkje dette kva som helst moster, men sjølvaste supermoster, den snillaste og festlegaste i heile slekta, ho som eg hadde feriert hos i barndom og ungdom og skulda alt godt for resten av livet. Hadde ho kome aleine, hadde ho fylt huset med lys og varme.

Vendepunkt

Ingen frå barndomsheimen min levde til dei var syttiåtte, og i sommar fylte eg syttisju. Det gjer dette året ganske spennande. Ikkje berre rykker døden stadig nærare: Dersom eg er i live til neste fødselsdag, vil eg ta det som ei symbolsk stadfesting av at same kor sterkt dei insisterte på fellesskap i lagnad og liding, var eg aldri ein av dei, i alle fall ikkje etter 1970, då familien eksploderte og eg flytte på hybel for første gong. På den tida kunne mor og far òg fått ein ny start. Begge to var framleis i førtiåra, og hadde dei fått støtte og rettleiing frå erfarne folk, skulle dei nok greidd å ordna seg med hus og arbeid kvar med seg. Som det no var, berre dumpa dei seg på storesøster mi og mannen hennar, som hadde nok å stri med frå før, og overlét det til dei å skapa ei ny ramme for tilværet, eller rettare sagt, å reparera den gamle så pass at det kunne sjå ut som eit verdig liv. Det vil seia at mor flytte saman med mormor, formelt for å hjelpa henne i alderdomen, i realiteten for å halda fram med den same krangelen som ho hadde hatt med far, mens far kom på legd hos søster mi. Dei skjøna nok at eg var på veg ut or maktsfæren deira, og det var sikkert ikkje utan sjølvforsaking at dei gav meg eit tilbod som eg ikkje kunne seia nei til: Eg og den nye kjærasten min skulle få bu saman i det huset som stod tomt etter farmor og farfar.

Giftig under­vising

Dei elendige Pisa-resultata har gjort ein hundre og førtito år gamal roman, «Gift» av Alexander Kielland, pinleg aktuell. For i den gamle skulen hadde latin og gresk så høg prestisje at ingen våga endra på det, sjølv om nytteverdien var under null. I vår tid er det den overspente teknologioptimismen frå førre tusenår som er komen for å bli, trass i at han syg energien ut or elevane, og spyr dei ut igjen som «små fortørkete hoder» som ikkje greier finna fram i den verda dei lever i. No sett me vår lit til ein kunnskapsminister som heldigvis lèt til å vera langt meir handlekraftig enn den tragiske heltinna i «Gift», den rike og vakre fru Wenche som har alle dei rette meiningane, men verken greier ta vare på seg sjølv eller sonen Abraham. For meg er det særskilt interessant at både ho og Kari Nessa Nordtun høyrer heime i Stavanger, der eg var tilsett ved katedralskulen i femten år, og underviste i historie i det same klasseromet som dei oppdikta tenåringane Abraham og Marius pugga gloser i. Det kunne vera tungt nok for levande ungdom òg å forstå kva dei skulle med til dømes Første verdskrig – heilt fram til nittitalet, då Jugoslavia gjekk i oppløysing med grenselaus brutalitet, og skapte ein uventa og omfattande trong til å finna ut kvifor Europa hadde blitt som det var. Tanken bak innføringa av data i skulen var at det skulle opna verda for elevane på tilsvarande vis. Trykte bøker var berre for dei som ikkje hang med i utviklinga, som å halda lærd latin og antikk gresk kunstig i live i eit samfunn der digital kompetanse er alt ein treng. I staden har det fått synsfeltet til å skrumpa inn.